Bli med i Austevoll legesenter! Vi søker vikar i allmennmedisin. Triveleg fagmiljø med gode utviklingsmoglegheiter.
AUSTEVOLL KOMMUNE ALM HELSEVERN LEGETENESTA · Storebø, Norge
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will continue to the employer’s original posting.
- Company
- AUSTEVOLL KOMMUNE ALM HELSEVERN LEGETENESTA
- Location
- Storebø, Norge
- Posted
- August 12, 2026
About this job
Om arbeidsstaden Austevoll legesenter er eit kommunalt drive fastlegekontor i Austevoll kommune på Vestlandet. Legekontoret har til saman sju fastlegeheimlar, LIS1-lege, helsesekretærar, sjukepleiarar og primærhelseteam. Kontoret har gode fasilitetar og tidsriktig utstyr, inkludert ultralyd. Det er eit veldrive legekontor der fastlegane får konsentrere seg om det medisinskfaglege arbeidet, medan andre tek seg av administrasjonen. Vi har eit godt ALIS-program der alle utgifter blir dekte, og det blir gitt løn ved fråvær. Austevoll legesenter ligg ein kort ferjetur frå Bergen, og vi legg til rette for pendling ved behov. Stillinga inkluderer arbeid ved Austevoll legevakt. Om stillinga Ein av våre dyktige ALIS-legar skal ha permisjon for institusjonsteneste, og vi har difor eit ledig vikariat. Vikariatet er ledig frå 01. desember 2026 til 10. september 2027. Tidlegare oppstart kan avtalast dersom det er ønskjeleg. Listestorleiken er på 750 pasientar. Eventuelle offentlege legeoppgåver kan avtalast. Kvalifikasjonskrav Formelle kvalifikasjonskrav Spesialist i allmennmedisin eller ALIS (må ha fullført LIS-1 teneste) Førarkort klasse B Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Fagleg dyktig og kunnskapsrik Gode samarbeidsevner Triveleg og positiv å arbeide saman med Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt. Vi tilbyr Fastløn i tråd med lokal rammeavtale Gode pensjonsordningar Gunstig ALIS-avtale med dyktige rettleiarar og god tilrettelegging av utdanningsløpet Moglegheit for heimekontor etter avtale Eit spennande fagmiljø der vi arbeider tverrfagleg og teambasert med pasientane våre God kollegial støtte Slik søker du Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen. Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card