Helsefagarbeider- 100 % Vikariat

VINJE KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJONEN · Vinje, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
VINJE KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJONEN
Location
Vinje, Norge
Posted
August 10, 2026

About this job

Vil du ha ein jobb som betyr noko, og der du kan gjera ein forskjell? Svingen og Reine bufellesskap er moderne bufellesskap, med til saman 15 leiligheiter. Her møter du bebuarar i ulike aldrar med ulike funksjonsnedsetjingar. Felles for dei alle er at dei treng trygge, engasjerte og gode folk rundt seg. Som helsefagarbeider bidreg du til gode og meiningsfulle dagar – gjennom praktisk hjelp, miljøarbeid, omsorg og aktivitetar som skapar trivsel og meistring. Du jobbar aldri åleine, men er del av eit fagleg og inkluderande team som samarbeider tett både internt og med fagmiljø i kommunen og spesialisthelsetenesta. Stillinga er turnus dag/kveld med arbeid tredje kvar helg. Det er moglegheit for langvakter etter avtale. Arbeidsoppgåver Målretta miljøarbeid etter tiltaksplanar og dagsplanar Praktisk bistand i daglege gjeremål: personleg hygiene, påkledning, måltid, aktivitetar og enkle praktiske oppgåver Legge til rette for meiningsfulle aktivitetar (turar, handling, hobbyar, sosial deltaking) Bruke digitale verktøy og velferdsteknologi Skape tryggleik, struktur og gode relasjonar Observere allmenntilstand og melde vidare ved endringar Dokumentere i journalsystem Gi medisinar etter delegert kompetanse Samarbeide med kollegaer, pårørande og andre faginstansar Kvalifikasjonar Fagbrev som helsefargarbeidar. Andre med relevant utdanning eller erfaring kan bli vurdert. God skriftleg og munnleg framstillingsevne- minimum nivå B2 Førarkort klasse B Personlege eigenskapar Påliteleg og strukturert – du held avtalar, fylgjer rutinar og sørger for at oppgåver blir gjennomført Fleksibel – du klarer å tilpasse deg endringar og behov som oppstår i løpet av ei vakt Sjølvstendig og samarbeidsorientert – du tek ansvar for eigne oppgåver, men bidreg aktivt i teamet når det trengst Positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet – du deltek aktivt for å skape eit trygt, inkluderande og fagleg miljø Løysingsorientert – du handterer utfordringar på ein roleg og konstruktiv måte, og søker praktiske løysingar i kvardagen God relasjonsbyggar – du møter bebuarar og pårørande med respekt, tryggleik og god kommunikasjon Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Me tilbyr Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med kollegaer som støttar, lærer av kvarandre og har det kjekt på jobb God opplæring og oppfølging God forsikrings- og pensjonsordning Lønn etter lokal stige og kvalifikasjoner I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Kontaktinformasjon hjørdis Ringhus Saupstad, Avdelingsleiar,, Arbeidsstad Vinjevegen 192 3890 Vinje Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vinje kommune Referansenr.: 5164257901 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 15.09.2026 Sluttdato: 15.08.2027 Søknadsfrist: 15.09.2026

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free