Barnehagelærar i Fosshagen utdanningsbarnehage
FAU I FOSSHAGEN UTDANNINGSBARNEHAGE - SOGNDAL · Sogndal, Norge
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will continue to the employer’s original posting.
- Company
- FAU I FOSSHAGEN UTDANNINGSBARNEHAGE - SOGNDAL
- Location
- Sogndal, Norge
- Posted
- August 6, 2026
About this job
Vil du jobbe tett på både barn, fagmiljø og utdanning midt i Sogndal sentrum? Fosshagen utdanningsbarnehage har no fleire ledige stillingar som barnehagelærar: 100 % vikariat i tidsrommet 01.11.2026-08.08.2027 (2.gongs utlysing) 80 % engasjement i tidsrommet 01.09.2026-08.08.2027 knytt til arbeid med barn med særskilte behov Rom for både leik og fag Midt i barnehagen finn du “Hjarterommet”, eit stort fellesrom for leik, rørsle og samlingar. Dette rommet blir brukt aktivt i kvardagen, og er også ein ressurs for andre barnehagar i kommunen. Avdelingane er oppkalla etter kjende turmål i området som Nuken, Laugi, Fagereggi, Stedjeåsen, Blåfjell, Togga og Tylderingen. Dette speglar også kvardagen hos oss, der både uteområdet og nærområdet blir aktivt brukt til leik, utforsking og gode opplevingar gjennom året. Kva kjem du til å jobbe med? Du blir ein del av det pedagogiske arbeidet i barnehagen, og skal: Leggje til rette for eit inkluderande og utviklande leike- og læringsmiljø Planleggje, gjennomføre, dokumentere og evaluere arbeidet saman med pedagogisk leiar Bidra i faglege prosessar og godt samarbeid med føresette Gi rettleiing og støtte til kollegaer Vere med og drive ei avdeling fagleg Byggje gode relasjonar med barn, føresette og kollegaer Dette er ei rolle der du både jobbar tett på barna og tek ansvar i det faglege fellesskapet. I engasjementstillinga får du eit særskilt ansvar for å følgje opp einskiltbarn med rettleiing frå PPT: Hjelpe og støtte barnet i kvardagen i barnehagen etter rettleiing frå PPT. Delta i det pedagogiske arbeidet saman med det øvrige personalet. Legge til rette for at barnet får delta i leik og aktivitetar saman med dei andre barna på avdeling. Ansvar for foreldresamarbeid og oppfølging av enkeltvedtak knytt til barnet sine behov. Kven ser me etter? Me ser etter deg som har: Godkjend barnehagelærarutdanning eller anna relevant høgskuleutdanning Gjerne erfaring med spesialpedagogisk arbeid i barnehage God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne Gjerne rettleiarutdanning eller interesse for rettleiing Interesse for friluftsliv, fysisk aktivitet og barns medverknad I tillegg betyr det mykje at du er engasjert, leiken og initiativrik. Vi ser og gjerne at du er inkluderande og open og god på relasjonar. Kvifor velje Fosshagen? Her får du ein kvardag der fag og praksis møtest tett. Du jobbar i eit miljø med høg kompetanse, samarbeid med utdanningsmiljø og gode moglegheiter for utvikling. Me tilbyr: Ein meiningsfull og variert jobb Rettleiing for nyutdanna og samling for nytilsette Gode pensjons- og forsikringsordningar Velferdsordningar og tilsettetrening Ein aktiv kvardag med leik, aktivitet og uteområde Den statlege ordninga med sletting av studiegjeld med kr. 25.000 i året kan vere aktuelt for deg som har bustadadresse i Sogndal kommune. Sjå lånekassen.no for meir informasjon om kvalifisering. Litt om oss Sogndal kommune er ein kunnskapsbasert og framtidsretta kommune med høgt kompetansemiljø. Me jobbar tillitsbasert og legg vekt på samarbeid, utvikling og kvalitet i tenestene våre. Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle befolkninga me er til for. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Tilrettelegging for personar med nedsett funksjonsevne kan skje ved behov. I følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord. Søknad må sendast via EasyCruit innan fristen. Link til søknadsskjema: Søk her
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card