Lege i spesialisering i radiologi, faste stillingar og vikariat

HELSE BERGEN HF LABORATORIE OG RØNTGEN HAUKELAND · Bergen, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
HELSE BERGEN HF LABORATORIE OG RØNTGEN HAUKELAND
Location
Bergen, Norge
Posted
August 6, 2026

About this job

Om stillinga 🏥 Har du lyst til å jobbe med avansert bildediagnostikk på eit av landets leiande universitetssjukehus med moderne fasilitetar? ⛰️Vil du utforske dei 7 byfjella, ta turen opp Fløyen eller Ulriken, og samtidig nyte det pulserande kulturlivet i Vestlandets hovudstad? 👩‍⚕️☢️🩻 Ved Radiologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus, har vi no ledig 2 faste stillingar og 2 vikariat i eit år, for engasjerte og framtidsretta LIS 2/3-legar som vil vere med å forme morgondagens bildediagnostikk. Tiltredelse etter avtale. Vikariat kan tene som del av spesialistutdanninga. Vi er eit inkluderande fagmiljø med høgt fokus på trivsel, fagleg utvikling og akademiske moglegheiter. Hos oss får du ei framtidsretta og grundig utdanning i radiologi, med høg grad av autonomi og tryggleik i vaktsituasjonar, slik at du kan utvikle deg fagleg på best mogleg måte. Vi legg til rette for fleksibilitet, til dømes fordjupingstid heime. Som LIS hos oss får du brei erfaring. Du roterer mellom alle seksjonar kvar sjette månad, slik at du får variert praksis og eit sterkt fagleg grunnlag. Er du ny i radiologi? Vi sørgjer for ein trygg start med ein strukturert opplæringsperiode på 12 veker før du blir ein del av vaktordninga. 🤖Kunstig intelligens (KI) er på full fart inn i radiologien. Nokon fryktar kanskje at KI vil overta heilt, og at radiologar i framtida vil bli overflødige. Dette er langt frå sanninga, men radiologar som kan nytte seg av KI vil i framtida erstatte radiologar som ikkje kan nytte seg av dette. KI vil kunne bidra til raskare diagnostikk, færre rutineoppgåver og ein meir spennande arbeidskvardag. Hos oss får du kompetansen du treng for å møte den digitale revolusjonen innan bildediagnostikk – ei utvikling som er godt i gang! For fast stilling gjeld: Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist. Les meir om korleis det er å jobbe hos oss Arbeidsoppgåver Seksjonsrotasjon, beskriving av undersøkingar, vurdering av tilvisingar og demonstrasjonsførebuing saman med overlege Relevante prosedyrar som tilhøyrer dei ulike seksjonane, etter opplæring og under supervisjon Arbeid på ultralyd og i Mottaksklinikken etter gjeldande plan Vaktarbeid, for tida i 16-delt tilstadesvakt Du vil få personleg rettleiar og delta i avdelinga sitt utdanningsprogram, inkludert internundervisning Deltaking i undervisning og kurs relevante for spesialiteten Kvalifikasjonar Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i Radiologi Søkarar må ha gode kunnskapar i norsk, B2-nivå både munnleg og skriftleg Vi ser føre oss at du Har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta på jobb Har interesse og motivasjon for fagfeltet etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper i og utanfor avdelinga Har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende. Du følger opp delegerte oppgåver Kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar Vi tilbyr Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Fagleg og personleg utvikling Triveleg arbeidsmiljø i ei travel avdeling Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Richard Ban, Assisterande avdelingsoverlege,, Arbeidsstad Haukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5159490763 Stillingsprosent: 100% Fast, Vikariat Søknadsfrist: 06.09.2026

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free