Vikariat lærar

HOGNESTAD SKULE · Bryne, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
HOGNESTAD SKULE
Location
Bryne, Norge
Posted
August 6, 2026

About this job

Vikar lærar Hognestad skule, Time kommune Time kommune har, hausten 2026, ledig eit vikariat i 100% stilling som kontaktlærar på mellomtrinnet ved Hognestad skule - snarast - t.o.m 22.12.26. Søknadane blir behandla fortløpande. Skulen ligg i landlege omgjevnader ca 5 kilometer sør frå Bryne. Skuleåret har me 53 elevar fordelt på 1.-7. trinn. Skulen har eigen idrettshall som er aktiv i bruk på dag og kveldstid. Landskapet i nærområdet innbyr til gode moglegheiter for læring og aktivitet i friluft. På Hognestad er foreldra og lokalmiljøet opptekne av skulen sin, og deltek med engasjement i samhandling med skulen. Hognestad skule sine utviklingsområder er lesing, rekning, engelsk og motivasjon. Målet er at alle elevane skal oppnå sitt høgaste potensiale, og at elevane skal vera aktive i undervisninga og i eiga læring. Leik på tvers av trinn er ein av våre styrkar. Skulane i Time er ein del av Jærskulen, eit interkommunalt samarbeid om skuleutvikling saman med Hå, Klepp og Gjesdal. Hognestad skule er i nettverk saman med Bryne skule, Orre skule, Tu skule og Varhaug skule. På Hognestad skule har alle elevar og tilsette personlege læringsbrett som verktøy for å forsterka læring. Trinntid og teamtid vert brukt til refleksjon og deling med fokus på læring. Arbeidsoppgåver - Kontaktlærar - Sjå og møta den einskilde elev der han/ho er - Arbeida systematisk for å få eleven til å oppleva meistring og framgang - Samarbeida godt og spela på lag med andre Kvalifikasjonar - Godkjent lærarutdanning for barneskule og gjerne erfaring frå grunnskule - Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg. - Har god digital kompetanse - Kan ta livredningsprøven og ha symjeundervising i stort basseng. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir). Personlege eigenskapar -Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunna bidra positivt i jobbfellesskapet -Evne til å kunna arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast -Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg -Lika utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar -Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap -Gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg -Gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen Vi tilbyr Gode pensjonsordningar Løn etter tariff Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til. Kontaktinformasjon Ingveig Nærland Ødegård, Rektor Arbeidsstad Hågenholen 1 4346 Bryne Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Time kommune Referansenr.: 5162346731 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 17.08.2026 Sluttdato: 22.12.2026 Søknadsfrist: 21.08.2026

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free