Rådgjevar i Region Fjordane

STAD KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON · Nordfjordeid, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
STAD KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON
Location
Nordfjordeid, Norge
Posted
August 6, 2026

About this job

Region Fjordane er det interkommunale politiske rådet for 11 kommunar i Fjordane. Gjennom samarbeid på tvers av kommunegrensene arbeider vi for å styrkje utviklingskrafta i regionen og skape resultat i saker som er viktige for innbyggjarar, næringsliv og lokalsamfunn. Stad kommune er vertskommune for sekretariatet. Vi søkjer ein ny kollega i ei 100 prosent fast stilling innan kommunikasjon og prosjektoppfølging. Dette er ei spennande moglegheit for deg som ønskjer å kombinere strategisk kommunikasjon med praktisk prosjektarbeid, og som motiverast av å skape resultat gjennom samarbeid. Du vil arbeide tett med kommunane, politisk og administrativ leiing og ei rekkje regionale og nasjonale samarbeidspartnarar. Arbeidskvardagen vil vere variert, med oppgåver som spenner frå kommunikasjon og formidling til prosjektutvikling, koordinering og oppfølging av politiske prosessar. Vi ser etter ein initiativrik og samfunnsengasjert person som ønskjer å vere med på å utvikle Fjordane som ein attraktiv bu-, arbeids- og verdiskapingsregion. Hos oss får du stor påverknad, breitt ansvar og høve til å arbeide med nokre av dei viktigaste utviklingssakene i regionen. Les meir om Region Fjordane her: http://regionfjordane.no Arbeidsoppgåver Du blir ein del av eit lite sekretariat med store ambisjonar. Vi er opptekne av å levere kvalitet, skape framdrift og oppnå resultat. Når nye utfordringar oppstår, snur vi oss raskt rundt og finn løysingar. Mykje av arbeidet handlar om å byggje relasjonar, skape tillit og få menneske og organisasjonar til å samarbeide om felles mål. Difor ser vi etter ein person som trivst med ansvar, tek initiativ og ønskjer å utgjere ein forskjell. prosjektleiing og prosjektoppfølging kommunikasjons- og informasjonsarbeid planlegging og gjennomføring av møte og arrangement saksførebuing og utarbeiding av politiske dokument oppfølging av regionale utviklingsprosjekt samarbeid med kommunar, næringsliv og offentlege aktørar utvikling av nettsider, sosiale medium og anna digital kommunikasjon Kvalifikasjonar Vi ser etter deg som har: relevant høgare utdanning på bachelor- eller masternivå innan kommunikasjon, samfunnsvitskap, administrasjon, prosjektleiing eller tilsvarande erfaring med prosjektleiing, prosjektoppfølging eller utviklingsarbeid erfaring med kommunikasjons- og informasjonsarbeid svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk god digital kompetanse og erfaring med relevante publiserings- og samhandlingsverktøy erfaring frå offentleg forvaltning og politiske prosessar er ein fordel erfaring med planlegging og gjennomføring av møte, konferansar eller arrangement er ønskjeleg Personlege eigenskapar Vi trur du vil trivast og lukkast hos oss dersom du: tek initiativ og likar å omsetje idear til handling arbeider strukturert, sjølvstendig og har god gjennomføringsevne er fleksibel og trivst med varierte arbeidsoppgåver og høgt tempo har gode samarbeidsevner og evnar å byggje tillit og skape gode relasjonar er løysingsorientert og ser moglegheiter framfor hindringar kommuniserer tydeleg og skaper engasjement rundt felles mål trivst i eit lite team der alle tek ansvar og bidreg til fellesskapet har eit engasjement for samfunnsutvikling og ønskjer å skape resultat til beste for regionen Vi tilbyr ei spennande og meiningsfull stilling i skjeringspunktet mellom kommunikasjon, samfunnsutvikling og politiske prosessar høve til å arbeide med viktige regionale utviklingsprosjekt som skaper verdi for kommunane og heile region Fjordane eit lite, kompetent og handlekraftig team med stort engasjement, høg gjennomføringsevne og fokus på resultat ein variert arbeidskvardag med stor grad av ansvar, tillit og moglegheit til å påverke eit breitt fagleg nettverk og tett samarbeid med kommunar, næringsliv, organisasjonar og offentlege styresmakter gode moglegheiter for fagleg utvikling løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom Stad kommune Vi ber om at vitnemål, attestar og referansar vert lasta opp saman med søknaden. Stad kommune har 6 månader prøvetid. Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grundig grunngjevast. Kontaktinformasjon Elisabeth Hatlenes, Rådgjevar i Region Fjordane,, Arbeidsstad 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5152523465 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 24.08.2026

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free