100% fast stilling Vik oppvekstsenter, avd. barnehage
VIK OPPVEKSTSENTER · Vikebygd, Norge
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will continue to the employer’s original posting.
- Company
- VIK OPPVEKSTSENTER
- Location
- Vikebygd, Norge
- Posted
- August 6, 2026
About this job
Me ser etter deg som er glad i barn, trygg i vaksenrolla og som vil vera med og skapa ein god, trygg og utviklande barnehagekvardag. Det er viktig at du likar å samtala og utforska saman med barn. Det er ein fordel om du har erfaring i å arbeida med barn. Du treng ikkje ha erfaring med alt, men du må vere motivert, lærevillig og klar for ein aktiv arbeidskvardag. Kvifor jobba hos oss? I Vikebygd barnehage har me to avdelingar. Hos oss blir du del av eit arbeidsmiljø prega av samarbeid, fagleg utvikling og engasjement. Me tilbyr: Gode kollegaer og eit sterkt fellesskap. Oppfølging og rettleiing frå pedagogar og leiar. Ein trygg og god start for nytilsette. Fagleg støtte. Ein meiningsfull jobb der du gjer ein forskjell for barn kvar dag. Ordna tilsetjingsforhold. Me kan tilby: Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring. Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast. Fagleg støtte og oppfølging frå pedagogar og leiar. Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan. Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling. Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor ( KORe’ Vindafjord ). Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring. Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk. Kvalifikasjonar: Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Andre med erfaring frå liknande arbeid kan også søkje (tilsetting som assistent). Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk. Personlege eigenskapar: Du er stabil og har god arbeidskapasitet. Du er varm, tydeleg og til stades i møte med barn. Du samarbeider godt med andre, og at du kan bidra til eit godt arbeidsmiljø. Du er fleksibel, strukturert og sjølvstendig. Du likar å vere ute og trivst i ein hektisk kvardag. Personleg eignaheit blir tillagd stor vekt. Andre opplysningar: Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga. Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse. Slik søker du: Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadsenteret vårt. du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon dersom du treng help til å søkja. Link til søknadsskjema: Søk her
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card