Har du lyst til å vera eit viktig bindeledd i eining Tilrettelagte tenester?
Vindafjord kommune Tilrettelagde tenester · Ølen, Norge
This opening is no longer available
The employer has taken it down, or it stopped appearing on the job board we collected it from. Here is what is open right now for the same kind of work.
This listing was open for 20 days.
- Company
- Vindafjord kommune Tilrettelagde tenester
- Location
- Ølen, Norge
- Posted
- August 2, 2026
About this job
Eining tilrettelagte tenester søkjer etter ein strukturert og engasjert konsulent i 80% fast stilling som trivst med varierte arbeidsoppgåver og kontakt med mange menneske! Som konsulent vil du ha ei sentral rolle i eininga og vere eit viktig bindeledd mellom tenestene, tilsette, leiarar, brukarar og samarbeidspartnerar. Du vil bidra til god informasjonsflyt, orden og struktur, og vere med på å sikre at dei admininstrative oppgåvene vert løyste på ein effektiv og profesjonell måte. Stillinga er organisert i Eining Tilrettelagte tenester, og arbeidsstaden vil vere fordelt mellom kontor i både Sandeid og Ølen. Kva får du jobba med hos oss? administrative og merkantile oppgåver for eininga saksbehandling og dokumenthandtering registrering og oppfølging i ulike fagsystem telefon og eposthandtering støtte til leiarar og tilsette i det daglege arbeidet korrdingering og oppfølging av møter og avtalar andre førefallande kontoroppgåver Me kan tilby: Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring. Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast. Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan. Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor ( KORe’ Vindafjord ). Gratis parkering. Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring. Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk. Kvalifikasjonar: Fagbrev i kontor- og admininstrasjonsfaget er ynskjeleg. Anna relevant utdanning på fagarbeidarnivå/og eller erfaring kan kompensere for manglande fagbrev og vil bli vurdert. Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk. Personlege eigenskapar: Er serviceinnstilt og har gode samarbeidsevner Er strukturert, nøyaktig og sjølvstendig Trivst med å ha mange ballar i lufta samstundes Har god digital kompetanse og evne til å setja deg inn i nye system Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Velkomen som søkjar hos oss- me ser fram til å få ein ny kollega som vil vera med og bidra til gode tenester for innbyggjarane våre! Slik søker du: Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon dersom du treng hjelp til å søka. Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering. Link til søknadsskjema: Søk her
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card