Stilling i Rus- og psykisk helseteneste
VESTRE SLIDRE KOMMUNE PSYKISK HELSETENESTE · Slidre, Norge
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will continue to the employer’s original posting.
- Company
- VESTRE SLIDRE KOMMUNE PSYKISK HELSETENESTE
- Location
- Slidre, Norge
- Posted
- August 2, 2026
About this job
Vestre Slidre kommune har en ledig midlertidig stilling i psykisk helse- og rusteneste (60-100% stilling frå hausten 2026 til og med juni 2027) Ynskjer du ei stilling der du kan gjere ein reell forskjell i kvardagen til menneske i alle aldrar? Då kan dette vere jobben for deg. I Vestre Slidre kommune blir du ein del av eit fagmiljø der psykisk helse- og rustenesta, helsestasjons- og skulehelsetenesta, familie rettleiar og kommunepsykolog for Øvre Valdres er samlokaliserte. Psykisk helse- og rustenesta er eit lågterskeltilbod for personar som opplever utfordringar knytte til psykisk helse og/eller rus. Tenesta består av fem tilsette i til saman 4,4 årsverk. Ei av stillingane har funksjon som barne- og ungdomslos og har kontor på skulen. Stillinga er i utgangspunktet 100 %, men det kan vere aktuelt med lågare stillingsprosent dersom søkjaren ønskjer det. Den som blir tilsett, må vere innstilt på å vikariere som barne- og ungdomslos i perioden frå januar til og med juni 2027. Stillinga er ledig for snarleg tiltreding. Hjå oss får du varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver, høve til fagleg utvikling og moglegheita til å vere ein viktig støttespelar for både barn, unge og vaksne i kommunen. Vi ser fram til å høyre frå deg! Arbeidsoppgåver Klinisk jobbing, kartlegging, vurdering og behandling individuelt Hausten 2026: hovudsakeleg oppfølging av vaksne personar, men også noko oppfølging av barn og unge Fyrste halvår 2027: vikariere for barne- og ungdomslos på skulen med oppfølging av elevar frå 1.-10. trinn og noko oppfølging av vaksne personar Veiledning til samarbeidande tenester i kommunen Utforme behandlingsplanar, samt ivareta dokumentasjonsplikt Tverrfagleg samarbeid med aktuelle samarbeidspartnarar Deltaking i ansvarsgrupper, pårørandemøter og nettverksmøter Det kan og bli aktuelt med oppfølging av innsette i kriminalomsorga ved fengselet på Slidreøya Kvalifikasjonar 3-årig sosial- eller helsefagleg høgskuleutdanning (t.d. sosionom, vernepleiar eller sjukepleiar) eller annan relevant kompetanse (t.d. helsefagarbeidar) Vidareutdanning i rus og psykisk helse er ønskeleg Det er ønskjeleg at du har erfaring frå arbeid med barn og unge. Anna relevant erfaring innan psykisk helsearbeid vil òg bli vektlagd. Førarkort klasse B Personleg egnaheit vil bli vektlagt Personlege eigenskapar Må trivast med å arbeide sjølvstendig og ta initiativ Vera ein god lyttar og vera god på å kommunisere Engasjement og interesse for psykisk helsearbeid og rusfelt med både barn, unge og vaksne Villig til å bidra til eit positivt og godt arbeidsmiljø God munnleg og skriftleg framstillingsevne Gode samarbeidsevner, internt i tenesta og på tvers av faggrupper Evne til refleksjon over eigen rolle, tenesta sine oppgåver og tenesteutøving Evne til nytenking, utvikling, fleksibilitet og omstilling Vi tilbyr Gode forhold for samarbeid, utvikling og kompetanseutnytting Fagmøter og veiledning med kommunepsykolog kvar veke Fleksibel arbeidskvardag med dagarbeid og fleksitid arbeidstid Gode pensjonsordningar Løns- og arbeidsvilkår ellers etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar Kontaktinformasjon Melanie Degen, Tenesteleiar Familie, helse og førebygging,, Arbeidsstad Slidrevegen 16 2966 Slidre Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune Referansenr.: 5152981270 Stillingsprosent: 100% Engasjement Søknadsfrist: 25.08.2026
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card