Straume bu og servicesenter
STRAUME BU- OG SERVICESENTER · Straume, Norge
This opening is no longer available
The employer has taken it down, or it stopped appearing on the job board we collected it from. Here is what is open right now for the same kind of work.
This listing was open for 20 days.
- Company
- STRAUME BU- OG SERVICESENTER
- Location
- Straume, Norge
- Posted
- August 2, 2026
About this job
Om avdelinga: Vil du jobbe i eit triveleg og godt arbeidsmiljø med spennande oppgåver? Straume bu og servicesenter er eit unikt og levande senter lokalisert sentralt på Straume. Vi har ei flott personalgruppe som saman gjer sitt beste for at våre bebuarar skal få vere aktiv, oppleve tryggleik og meistring. På senteret jobbar det sjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, helsefagarbeidarar, miljøterapeutar og assistentar. Dei tilsette ved senteret skal ha eit godt arbeidsmiljø der fagleg utvikling og kontinuerleg forbetring vert vektlagt. Senteret inneheld tre bufellesskap, ei dagavdeling og 27 omsorgsbustader. Det er no ledig 80% fast stilling på vårt dagsenter med 15 brukarar. Delar av stillinga er knytt til bufellesskap for vaksne utviklingshemma. 20% av stillinga er knytt til timebank som er lagt inn i årsturnus. Arbeidsoppgåver: Du må trivast saman med menneske og ønskje å yte ditt beste for å ivareta våre brukarar. Dei vi skal hjelpe har ulike behov, og du må kunne utføre varierte oppgåver knytt til stell, pleie og aktivitet. Omsorg og pleie av brukarar ved senteret Delta i aktivitetar saman med brukarane. Medansvarleg for eit godt sosialt og fagleg arbeidsmiljø Dokumentasjon i gjeldande fagjournal Kjenna til og etterleva gjeldande rutine i vårt kvalitetssystem Rettleia elevar, studentar og lærlingar Kvalifikasjonar: Må ha: Autorisasjon som vernepleiar eller anna 3 årig relevant helsefagleg utdanning. Autorisert helsefagarbeidar kan verta vurdert til stillinga dersom ein ikkje får kvalifiserte søkjarar. Gyldig politiattest Førarkort klasse B Ønskjeleg med: Erfaring med og engasjement for brukargruppa Personlege eigenskapar: Fagleg engasjert og trygg i rolla som fagperson Er god til å arbeida både sjølvstendig og i team Har eit godt humør og bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø Løysingsorientert Engasjerer deg og er positiv i møte med både brukarar og pårørande Likar nye utfordringar Vi tilbyr: Gratis parkering Gode pensjons- og forsikringsordningar Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø Motiverte og kunnskapsrike kollegaer Interessante utfordringar Høve til fagleg og personleg utvikling Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån Kontaktperson: Avdelingsleiar Astrid Geitle: Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. Link til søknadsskjema: Søk her
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card