Kjøkkenassistent til 100% fast stilling

Drift-/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Matforsyning, Helse Bergen HF · Bergen, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
Drift-/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Matforsyning, Helse Bergen HF
Location
Bergen, Norge
Posted
August 2, 2026

About this job

Hospitaldrift Matforsyning ved Haukeland universitetssjukehus er eit av Noregs største produksjonskjøkken. Kvar dag lagar vi rundt 2 700 porsjonar til pasientar, pårørande og tilsette – mat som både skal gi energi, tryggleik og ei god oppleving i ein viktig fase av livet. Som kjøkkenassistent hos oss blir du ein del av eit solid fagmiljø og eit inkluderande arbeidsmiljø med høg kompetanse. Du får moglegheit til å bruke kunnskapen din aktivt, bidra med nye idear og vere med på å utvikle produkt og løysingar som er tilpassa kjøkkenet sin logistikk og produksjonsmetodar. Vi ser etter deg som er engasjert og samarbeidsorientert. Du blir motivert av å jobbe i team og ønsker å vere med på å styrke mattilbodet og skape gode måltidsopplevingar for pasientane våre. Om oss Hospitaldrift er ei avdeling med rundt 700 medarbeidarar fordelt på sju einingar. Matforsyning har ca. 160 tilsette og forvaltar eit betydeleg driftsbudsjett. Vi arbeider målretta med kvalitet, matglede og vidareutvikling av konseptet “Mat som medisin”, som er eitt av føretaket sine strategiske satsingsområde. Eininga har som hovudoppgåve å ivareta produksjon, utvikling og distribusjon av mat til pasientar, pårørande og tilsette ved Haukeland universitetssjukehus, samt til andre einingar i Helse Bergen og omliggande kommunar. Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester. Vi har no ledig 100% fast stilling som kjøkkenassistent. Arbeidsoppgåver Utporsjonering, pakking og distribusjon av næringsmiddel Reinhald, oppvask og rydding Anna førefallande arbeid som naturleg høyrer inn under kjøkkendrift Kvalifikasjonar Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg. Språkleg kunnskapsnivå må kunne dokumenterast Erfaring frå institusjonskjøkken er ein fordel Kjennskap til IK-mat Serviceinnstilt og imøtekommande Personlege eigenskapar God orden og evne til å jobbe både sjølvstendig og i team Strukturert og nøyaktig Vere fleksibel og kunne arbeide i eit hektisk miljø Fagleg interesse og engasjement Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver Vi tilbyr Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN." Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Triveleg arbeidsmiljø Høgt fagleg nivå Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Jarle Egeland, Seksjonsleiar, Arbeidsstad Haukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5150862690 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 30.08.2026

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free