Spesialsjukepleiar/sjukepleiar med relevant erfaring

HELSE FØRDE HF DPS FØRDE · Førde, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
HELSE FØRDE HF DPS FØRDE
Location
Førde, Norge
Posted
July 30, 2026

About this job

DPS Døgn allmenn har ledig 100% fast stilling for spesialsjukepleiar/sjukepleiar med relevant erfaring. Psykiatrisk klinikk består av to DPS-sengepostar og ein poliklinikk med ambulante tenester som gjev allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn. Avdelinga har også sentralsjukehusoppgåver med akutt døgn med ØH-plikt, sikkerheitspost og ambulant vaksenhabilitering. Avdelinga Psykiatrisk klinikk har om lag 200 årsverk og er lokalisert i Førde og Florø. DPS Døgn allmenn har 14 døgnplassar, av desse ein brukarstyrt plass. Vi tek imot pasientar frå Sunnfjord og Ytre Sogn. Hovudoppgåva er utgreiing, behandling og rehabilitering med fokus på miljøterapi. Vi tek imot pasientar til både frivillig og tvunge psykisk helsevern. Vi tilbyr ein lærerik arbeidskvardag i eit inkluderande arbeidsmiljø. Startdato: Etter avtale Arbeidsoppgåver Arbeid på sengepost Undervisning/rettleiing Tverrfagleg samarbeid Fungere som ansvarsvakt og primærkontakt Vere aktiv deltakar i kontinuerleg fagutvikling i seksjonen Miljøterapi Pårørandearbeid Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gi pasientar best mogleg behandling på sengeposten Ta del i den til ei kvar tid oppgåver som ligg til sengeposten Andre oppgåver etter avtale med leiar Turnusarbeid, langvakter på helg kan vere aktuelt dersom ønskjeleg. Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar Relevant vidareutdanning (f.eks. psykiatri eller SEPREP) blir vektlagd, men er ikkje eit krav. Relevant erfaring er ønskjeleg Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad Gode IKT-kunnskapar er ønskjeleg Personlege eigenskapar Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider strukturert og målretta Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer Du er god til å sjå kva som må gjerast, både tilbyr og mottar gjerne hjelp Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar, og arbeider stabilt under press Personleg eignaheit vert vektlagt Vi tilbyr Eit meiningsfylt arbeid som gir personleg utvikling Opplæring Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Ingun Indrebø, Seksjonsleiar, Arbeidsstad Svanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Førde Referansenr.: 5156280386 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 23.08.2026

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free