Ledig 1-årig vikariat som rådgjevar bygg og anlegg

KRAFTMUSEET - NORSK VASSKRAFT- OG INDUSTRISTADMUSEUM STI · Tyssedal, Norge · Remote-friendly

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
KRAFTMUSEET - NORSK VASSKRAFT- OG INDUSTRISTADMUSEUM STI
Location
Tyssedal, Norge
Posted
July 31, 2026

About this job

Kraftmuseet er eit kulturhistorisk museum som ligg i Ullensvang kommune i vakre Hardanger, med p.t. 16 fast tilsette. Museet formidlar framveksten av industrisamfunnet på byrjinga av 1900-talet, med hovudvekt på vasskraft og smelteverksindustri. Det mest kjente bygget vi forvaltar er den freda kraftstasjonen Tysso I. Vi har ansvar for om lag 25 bygg og ulike publikumsarenaer i Tyssedal og Odda, samt veteranbåten M/Y Tysso. Kraftmuseet har ledig 1-årig vikariat som rådgjevar bygg og anlegg frå 1. januar 2027. Vi søkjer etter ein dyktig, positiv, systematisk, allsidig og fleksibel person som vil ha ei nøkkelrolle i den byggtekniske drifta av museet. Rådgjevarstillinga vil bidra til eit høgt fagleg nivå på forvaltinga av museet sine materielle kulturminne innan svært ulike stilartar, og ulike materiale, som mur, metall og treverk. Kraftmuseet har per i dag fire avdelingar; formidling, samling, bygg og anlegg og administrasjon. Du vil ta del i bygg- og anleggsavdelinga, og bidra til å løyse kulturminnefaglege oppgåver i tett dialog med direktør. Kvalifikasjonar: God kjennskap til relevant, norsk plan- og lovverk innan bygningsfeltet Ei grunnleggjande forståing av kulturminnefaglege problemstillingar innan bygningsvern Utdanning som bygningsingeniør, arkitekt m.v. Kjennskap til prosjekteringsverktøy og relevante IT-system Erfaring frå liknande arbeid, og særleg frå museumsfeltet, tel positivt. Arbeidsoppgåvene vil vere varierte og samansette, som mellom anna: Prosjektering og byggjeleiing av store og små bygningstiltak Dialog med vernemynde og deltaking i ulike nettverk Arbeid med revisjon av internt planverk Søknadsarbeid og rapportering Fysisk oppfølging av oppgåver etter behov i avdelinga. Arbeidet vil variere gjennom året, i tråd med eit årshjul, og andre og nye oppgåver vil òg kome til. Søkjar bør ha svært gode IKT-kunnskapar, førarkort klasse B og gjerne erfaring med bruk av nynorsk som arbeidsspråk. Arbeidsstad er p.t. i Tyssedal. Vi legg stor vekt på at nettopp du passar inn i staben hos oss. Stillinga er eit 1-årig vikariat i 100 % stilling. Løn etter avtale og ordna pensjonsvilkår p.t. gjennom KLP. Søknad med CV, vitnemål, attestar og referansar vert å sende snarast, og innan 01.10.2026, til Oppstart: 1. januar 2027. Velkomen til ein spanande arbeidsplass med engasjerte og dyktige tilsette! Kontaktperson: Museumsdirektør Liv Eirill Evensen, tlf., eller e-post Sjå elles: www.kraftmuseet.no

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free