Sivilingeniør/ingeniør elektro - Sogn og Fjordane

NORCONSULT NORGE AS AVD FØRDE · Førde, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
NORCONSULT NORGE AS AVD FØRDE
Location
Førde, Norge
Posted
July 28, 2026

About this job

Vil du vere med å forme elektroinstallasjonar for framtida? I Norconsult kan du få vere med på akkurat det. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vi kvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Elektromiljøet i Norconsult jobbar målretta med planlegging av smarte løysningar for bygg, samferdsel og industri. Norconsult har Norges desidert største fagmiljø innan rådgjeving og prosjektering av elektrotekniske anlegg med over 450 kompetente elektrorådgjevarar på landsbasis. Vi tilbyr komplette tenester innan elektrorådgjeving; frå moglegheitsstudiar og prosjektering til oppfølging under bygging. Våre medarbeidarar samarbeider på tvers av geografi og fagområde, slik at vi kan tilby lokal rådgiving med tilgang til brei nasjonal og internasjonal kompetanse. Vi ser etter deg som har nokre års erfaring frå bransjen og som ønskjer å vere med og byggje opp eit elektro-miljø i Sogn og Fjordane i tillegg til å vidareutvikle deg sjølv fagleg og dele av din kunnskap til andre medarbeidarar. Du vil få ei sentral rolle i eitt tverrfagleg rådgjevarmiljø, med høg fagleg kompetanse og samarbeid på tvers av våre kontor og regionar. Bli med å jobbe for ein meir berekraftig bygg og eigedomsbransje! Vi jobbar med både eksisterande og nye bygg med prosjektering og rådgjeving innan elektroteknikk, EKOM og automasjon i bygg, med fokus på berekraftige og energieffektive løysingar. Oppdraga varierer over eit breitt spekter av prosjekt innan mellom anna næringsbygg, undervisningsbygg, helse- og omsorgsbygg, hotell, idrettsanlegg og industri. Norconsult Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Flekke, Florø, Sogndal, Gaupne, Årdal, Lærdal, Sandane og på Nordfjordeid, med nærare 100 medarbeidarar totalt. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, VVS, elektro, landmåling, geoteknikk, industri/maskin, ingeniørgeologi, miljø, konstruksjon, brann, akustikk, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon. Vi søkjer etter dyktig og erfaren sivilingeniør eller ingeniør med minst 3-5 års relevant erfaring innan elektro- og byggautomasjonsteknikk frå rådgjevar- eller entreprenørbransje. Fagbrev som elektromontør el.l i tillegg er eit pluss. Vi set pris på om du: Har erfaring med 3D-modellering og BIM Arbeider effektivt og tek ansvar gjennom å vise initiativ Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team -- ein god relasjonsbyggjar Ønskjer å vere med på å skape eit godt arbeidsmiljø Dine arbeidsoppgåver vil vere: Planlegging og prosjektering av elektro-installasjonar innan bygg og anlegg Modellering og varierte arbeidsoppgåver i ulike fasar av prosjekt. Utarbeiding av konkurransegrunnlag og kostnadsoverslag Bruk av DAK/BIM-verktøy, visualiserings- og innsynsmodellar Tverrfagleg koordinering Oppdragsleiing og oppfølging på byggeplass Kundeoppfølging, marknadsføring og sal/tilbodsarbeid Kvalifikasjonar: Utdanning som sivilingeniør (M.Sc.) eller ingeniør (B.Sc.) eller tilsvarande innan elektro Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk Hjå oss får du: Varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver innan fag og prosjektleiing der du har moglegheit til å utvikle deg sjølv og kollegaene dine Spennande moglegheiter for kompetanseheving og karriereutvikling innan marknad, fag, linje og oppdrag Fleksibel arbeidstid Fri heile jule- og påskeveka Moglegheit til å bidra i selskapet si utvikling innan berekraft, digitalisering og samarbeid Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi Interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement/turar, firmahytter, mm. Gode lønns- og arbeidsvilkår Gode aksjeprogram for eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift Fadderordning og kompetanseutviklingsplan Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd) Innsending av søknad: Søknad med CV, vitnemål og attestar skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på Norconsult sine internettsider. Innkomne søknader vert handsama fortløpande. Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama. Oppgje i søknaden kva kontorstad du primært ønskjer. Norconsult Norconsult er eit leiande nordisk rådgjevarselskap. Vi kombinerer ingeniørfag med arkitektur og digital kompetanse, på tvers av små og store prosjekt i privat og offentleg sektor, innan infrastruktur, energi og industri, bygg, eigedom og arkitektur. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vikvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Med hovedkontor i Sandvika i Norge og om lag 7 200 medarbeidarar fordelt på over 140 kontor i Norge, Sverige, Danmark, Island, Polen og Finland, kombinerer vi tverrfagleg kompetanse med det å vere lokalt tilstades. For Norconsult er det ein grunnleggjande føresetnad at alle menneske er l

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free