Kontaktperson

Barnevernssamarbeidet i Vest Telemark, Kviteseid kommune · Kviteseid, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
Barnevernssamarbeidet i Vest Telemark, Kviteseid kommune
Location
Kviteseid, Norge
Posted
July 26, 2026

About this job

Ønskjer du å bidra til ein tryggare og betre kvardag for barn og familiar? Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark søkjer ein engasjert kontaktperson som vil vere med og skape positive endringar i barn sine oppvekstvilkår. Vi er ei innovativ og framtidsretta teneste med høg fagleg kompetanse, der samarbeid, openheit og løysingsorientert arbeid står sentralt. Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø med fokus på fl eksibilitet, samhald og fagleg utvikling. Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark er ei interkommunal teneste som omfattar kommunane Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje. Kviteseid er vertskommune, og hovudkontoret ligg i gode og tilrettelagde lokale der. I tillegg har vi kontorplassar i dei andre kommunane. Arbeidsoppgåver Saksbehandling, oppfølging og rettleiing av barn og familiar i tråd med barnevernslova  Saksbehandling, oppfølging og rettleiing av barn og familiar i tråd med barnevernslova  Samarbeid med andre instansar for å sikre heilskaplege og gode tenester  Aktiv deltaking i faglege drøftingar og kompetanseutvikling Kvalifikasjonar  Utdanning som barnevernspedagog eller sosionom, gjerne med relevant vidareutdanning. Anna relevant utdanning kan vurderast  God barnevernfagleg kompetanse og erfaring er ein fordel  Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg  Evne til å nytte digitale verktøy på ein effektiv måte  Førarkort klasse B Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som:  Er trygg, raus og robust  Har evne til å motivere og inspirere  Er ein god lagspelar med gode samarbeidsevner  Arbeider systematisk og målretta  Evnar å strukturere eigen arbeidskvardag og sikre framdrift  Likar å samarbeide med andre kommunale tenester og dele kunnskap  Kan handtere krevjande og pressa situasjonar  Er fl eksibel og løysingsorientert Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt. Vi tilbyr  Ein spanande og meiningsfull jobb der du kan gjere ein forskjell  Høgt fagleg nivå med fokus på utvikling og kompetansebygging  God opplæring og rettleiing  Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og hyggelege kollegaer  Regelmessig oppfølging frå teamleiar  Sak- og prosessrettleiing i gruppe med psykolog  Løn og vilkår  Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Kontaktinformasjon Gunn Annie Hellestad, Leiar Barnevernssamarbeidet i Vest Telemark, Arbeidsstad Granlivegen 1 3850 Kviteseid Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Kviteseid kommune Referansenr.: 5147145182 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free