Sundheimen
SUNDHEIMEN · Skogsvåg, Norge
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will continue to the employer’s original posting.
- Company
- SUNDHEIMEN
- Location
- Skogsvåg, Norge
- Posted
- July 23, 2026
About this job
Vil du bli ein av dei engasjerte medarbeidarane våre og jobba i eit spennande team? Vi søkjer sjukepleiar/ vernepleiar til vikariat stilling på natt Sundheimen. Om avdelinga Sundheimen er ein kommunal sjukeheim med tenester døgnet rundt. Vi har 54 pasientar fordelte på fem bufellesskap: tre somatiske og to for personar med demens. I tillegg driv vi 10 av 20 omsorgsbustader i nabobygget. Både Sundheimen og omsorgsbustadane har langtidsbuarar med samansette og krevjande diagnosar. Vi er eit engasjert fagmiljø som jobbar strukturert og effektivt. Vi set pris på medarbeidarar som kjem med forslag til forbetringar. Vi har god sjukepleiefagleg kompetanse, med fokus på omsorg, tryggleik, behandling og palliasjon. Sundheimen ligg i Skogsskiftet, om lag 15 minutt frå Straume. Tilsette har gratis parkering og tilgang til ladestasjon. Arbeidsoppgåver Heilskapleg omsorg for eldre menneskje Sjukepleiefaglege oppgåver og ansvar Utføre leiarskap når naudsynt. Ivareta pasientane sine individuelle behov Sørge for god dokumentasjon i Aidn( nytt epj. frå mai 2026) Rettleie kollegaer, studentar, elevar og nytilsette Handtere velferdsteknologiske løysningar Enklare Laboratorie-arbeid Kvalifikasjonar Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar Gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg Vi legg vekt på personlege eigenskapar Eigenskapar: Du har erfaring frå arbeid i eldreomsorg Du evner å arbeide sjølvstendig og strukturert Du er engasjert og ansvarsbevisst Du har gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar Du er fleksibel, serviceinnstilt og interessert i forbetringsarbeid Du tek initiativ, er positiv, tilpassingsdyktig og tek ansvar Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive Personleg eignaheit blir vektlagt Anna: Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr år og kr. 40 000.- for nattarbeid over gjeldande tariff i 100 % stilling. Stillinga inngår i årsplan med arbeid 16 helger pr. år Ekstra helg planlagt i årsplan vert kompensert. Vernepleiar kan bli vurdert for stilling Ved internt opprykk kan andre stillingar bli aktuelle og vil bli vurdert av same søkarmasse. Vikariatet varer ut august 2027. Vi tilbyr Mentorordning i system Varierte sjukepleiefaglege oppgåver Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø Motiverte og kunnskapsrike kollegaer Moglegheit for fagleg og personleg utvikling Gode pensjons- og forsikringsordningar Gratis parkering og moglegheit for lading Kontakt: - Einingsleiar: Janne Thode, / - Avdelingsleiar: Silje Skagen Heimdal. / Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. Link til søknadsskjema: Søk her
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card