Intensivsjukepleiar/sjukepleiar
HELSE MØRE OG ROMSDAL HF VOLDA SJUKEHUS - SOMATIKK · Volda, Norge
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will continue to the employer’s original posting.
- Company
- HELSE MØRE OG ROMSDAL HF VOLDA SJUKEHUS - SOMATIKK
- Location
- Volda, Norge
- Posted
- July 22, 2026
About this job
Er du vår nye intensivsjukepleiar/sjukepleiar? Vil du jobbe i eit fagmiljø med høg kompetanse, varierte arbeidsoppgåver og tett tverrfagleg samarbeid? Då ønskjer vi deg velkomen til Intensiv i Volda! Vi har eit ledig vikariat frå 17.08.26 til 31.12.26, med moglegheit for forlenging. Oppstartsdato kan avtalast. Vi søkjer ein engasjert og fagleg interessert intensivsjukepleiar/sjukepleiar som ønskjer å vere ein del av eit dyktig og inkluderande team. Intensiv i Volda behandlar eit breitt spekter av medisinske og kirurgiske pasientar. Vi har ansvar for overvaking og behandling av kritisk sjuke pasientar, postoperativ oppfølging etter kirurgiske inngrep og ivaretaking av pasientar i samband med dagkirurgi. Arbeidskvardagen er variert, utfordrande og lærerik, med vekt på kvalitet, pasienttryggleik og fagleg utvikling. Arbeidsoppgåver Arbeid i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg Ansvar for ivaretaking av kritisk sjuke pasientar og deira pårørande Tett tverrfagleg samarbeid med ulike faggrupper Mottak, observasjon og oppfølging av postoperative pasientar Kvalifikasjonar Autorisasjon som sjukepleiar Videreutdanning i intensivsjukepleie er ein fordel Personlege eigenskapar Du er fagleg engasjert og ønsker å utvikle deg Du har gode samarbeidsevner og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø Du er fleksible, løysnigsorientert og tek ansvar Du har pasienten i fokus og bidreg til god kvalitet i behandlingen Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr Eit spennande og variert arbeid i eit høgt kompetent fagmiljø Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving Tett tverfagleg samarbeid Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og støttende kollegaer Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attester og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her. Kontaktinformasjon Melkorka Vidisdottir, Seksjonsleiar, Arbeidsstad Kløvertunvegen 1 6103 Volda Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5143601198 Stillingsprosent: 75% Vikariat Startdato: 17.08.2026 Sluttdato: 31.12.2026 Søknadsfrist: 17.08.2026
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card