Kantor i Spjelkavik kyrkjelyd - 100% fast stilling

ÅLESUND KYRKJELEGE FELLESRÅD AVD ÅLESUND · Ålesund, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
ÅLESUND KYRKJELEGE FELLESRÅD AVD ÅLESUND
Location
Ålesund, Norge
Posted
July 23, 2026

About this job

Musikk er ein viktig del av livet i Spjelkavik kyrkjelyd. No søkjer vi ein kantor som vil vere med å utvikle dette arbeidet vidare. Spjelkavik kyrkjelyd søkjer ein kantor som ønskjer å vere med og utvikle eit levande kyrkjemusikalsk arbeid i ei aktiv og framtidsretta kyrkjelyd. Vi ser etter deg som kombinerer fagleg tryggleik med skaparglede, og som trivst i samspel med både tilsette, frivillige og menneske i alle aldrar. Du er ein relasjonsbyggjar som ser musikken som ein naturleg del av kyrkja sitt oppdrag og liv. Om Spjelkavik kyrkjelyd I Spjelkavik ønskjer vi å vere ei open og inkluderande folkekyrkje der menneske møter Gud, kvarandre og seg sjølve gjennom tru, fellesskap, teneste og kultur. Musikk er ein viktig del av dette arbeidet. Spjelkavik kyrkjelyd ligg sentralt i Ålesund kommune og har om lag 18 000 medlemmer. Kyrkjelyden har eit rikt og mangfaldig arbeid innan gudstenesteliv, kyrkjelege handlingar, trusopplæring, diakoni og kultur. Kyrkjelyden har ein aktiv korskule med tilbod frå babysong og småbarnssong til barne- og ungdomskantori. Korskulen er ein viktig del av kyrkjelyden sitt arbeid med barn, unge og familiar. Kyrkjelyden har òg eit eige kulturutval som arbeider for å utvikle kyrkja som kulturarena og møteplass i lokalsamfunnet. Staben består av dagleg leiar, tre prestar, to kateketar, diakon, kantor, organist, kyrkjetenar og ein kyrkjelydspedagog. I tillegg har vi eit stort og engasjert frivillig fellesskap som bidreg på mange område. Vi ønskjer å vere ein arbeidsplass der menneske får bruke styrkane sine, utvikle seg fagleg og lukkast saman med andre. Vi arbeider aktivt for å byggje ein kultur prega av tillit, samarbeid, meistring og felles ansvar for oppdraget vårt. Arbeidsstaden for stillinga er Spjelkavik kyrkje. Kyrkjelyden har også gudstenester på Hatlehol, der musikken i hovudsak blir ivareteken av frivillige musikarar og band. Spjelkavik kyrkje ligg sentralt på Moa og er ei moderne arbeidskyrkje med gode fasilitetar. Kyrkjerommet har eit Petrof-flygel frå 2012 og eit Markussen-orgel med 26 stemmer frå 1992. Kyrkja disponerer også gode øvings- og møtelokale. Arbeidsoppgåver Tenesteordning for kantorar ligg til grunn for stillinga Tenestegjere ved gudstenester og kyrkjelege handlingar. Planlegging av gudstenester og kyrkjelege arrangement. Planleggje og gjennomføre kyrkjemusikalsk arbeid i samarbeid med stab og frivillige. Leie Spjelkavik kyrkjekor og vere med på å vidareutvikle og styrkje korarbeidet i kyrkjelyden. Delta i soknerådet sitt kulturutval og bidra til planlegging og gjennomføring av kultur- og konsertarrangement i kyrkjelyden. Medverke i kyrkjelyden sitt arbeid med barn, unge og vaksne. Bidra i kyrkjelyden sin korskule gjennom arbeid med barne- og ungdomskantoriet, og medverke til vidare utvikling av musikkarbeidet for barn og unge. Delta aktivt i stabsfellesskapet og andre relevante møteforum, og bidra til utvikling av kyrkjelyden sitt arbeid. Arbeidsoppgåver kan tilpassast søkjaren sine kvalifikasjonar og interesser. Kven ser vi etter? Vi ønskjer ein medarbeidar som: Har kyrkjemusikalsk utdanning i samsvar med tenesteordning for kantorar. Søkjarar med annan relevant utdanning og erfaring kan også bli vurderte. Har gode ferdigheiter på orgel og piano. Har erfaring med korleiing, eller motivasjon for å utvikle seg innan dette feltet. Trivst med å arbeide både sjølvstendig og i team. Er initiativrik, fleksibel og løysingsorientert. Ønsker å bidra til å utvikle det kyrkjemusikalske arbeidet i soknet. Har gode samarbeidsevner og bidreg positivt til arbeidsmiljøet. Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, tilsvarande minimum nivå B2 etter Det felles Europeiske rammeverket for språk. Personlege eigenskapar vil bli tillagd stor vekt. Vi tilbyr Ei spennande og variert stilling i ein aktiv kyrkjelyd. Stor grad av autonomi og sjølvstende i arbeidet. Engasjerte kollegaer og ein kultur der vi støttar kvarandre og arbeider for å lukkast saman. Tverrfagleg samarbeid i ein kompetent og utviklingsorientert stab. Moglegheit til å påverke og vidareutvikle det kyrkjemusikalske arbeidet. Gode instrument og eigna lokale for kyrkjemusikalsk verksemd. Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving. Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk i KA. Andre opplysningar Den som blir tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja. Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing. Det vil bli lagt opp til prøvespel i samband med intervju. Stillinga har hovudsakleg arbeidsstad i Spjelkavik kyrkjelyd og inngår i det kyrkjemusikalske fagfellesskapet i Ålesund kyrkjelege fellesråd. Det kan i avgrensa omfang vere aktuelt med tenestegjering andre stadar i fellesrådsområdet ved behov. Kontaktinformasjon Astrid Eide, daglig leder, Arbeidssted Vestmoa 20 6018 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Ålesund kyrkjelege fellesråd Referansenr.: 5150874060 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 23.08.2026

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free