Ledig 100% stilling som sjukepleiar
AUKRA OMSORGSSENTER · Aukra, Norge
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will continue to the employer’s original posting.
- Company
- AUKRA OMSORGSSENTER
- Location
- Aukra, Norge
- Posted
- July 19, 2026
About this job
Vi i Aukra søkjer deg som ønskjer å utgjere ein forskjell i nokon sitt liv, som fast sjukepleiar i 100% stilling. Vi investerer i våre tilsette, og legg derfor til rette for vidareutdanning i samsvar med kompetanseplanen for eininga. Om oss Aukra Omsorgssenter ligg på Gossen, 12 minutt med gratis ferje frå Hollingsholmen. Det er ein fin reiseveg til ferja, uansett om du bur i Molde eller Hustadvika. Vi flytta inn i Aukra Omsorgssenter i 2018. Omsorgssenteret består av: Sjukeheim med tre ulike avdelingar; langtidsavdeling, korttidsavdeling og skjerma avdeling. 20 heildøgns omsorgsboligar som blir betent av heimetenesta Base for heimebaserte tenester Legevaktsatellitt Dagsenter Administrasjon Kjøkken/kantine Frisør og neglesalong Lokale som blir nytta av ergo/fysio. Kvalifikasjonar Vi ser etter ein person som: Spreier arbeidsglede Er raus med kollegaene sine Er engasjert og fagleg dyktig Har gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg Har godkjend bachelor i sjukepleie Det er ønskjeleg med erfaring frå eldreomsorga Det er ein fordel om du har kjennskap til Helseplattformen Vi legg vekt på at du har dei personlege eigenskapane vi ser etter. Arbeidsoppgåver Sjukepleiefagleg oppfølging og observasjon av pasientar/bebuarar Handtering og vurdering av akutte situasjonar Administrering av medikament og dokumentasjon etter gjeldande rutiner Samarbeid med lege, legevakt og anna helsepersonell ved behov. Mottak og handtering av pasientar på legevaktsatellitt, i samråd med Molde interkommunale legevakt Ivaretaking av pasientane sine grunnleggjande behov og tryggleik Rettleiing og samarbeid med kollegaer og anna pleiepersonell Sikre god kommunikasjon og rapportering mellom vaktskifta Arbeid i tråd med gjeldande lover, forskrifter og faglege retningslinjer Delta i kvalitetsarbeid og bidra til fagleg utvikling på arbeidsplassen Vi tilbyr Aukra kommune sitt eige stabilitetstillegg på 100 000 kr som blir utbetalt kvart fjerde år 8 års ansiennitet frå fyrste arbeidsdag Tilrettelegging for vidareutdanning i tråd med kommunen si kompetanseplan Eit veldig kjekt og innhaldsrikt arbeidsmiljø Ein arbeidsplass som ønskjer å leggje til rette for deg når det trengst Ein draumeturnus kor vi kan legge til rette for lengre friperiodar Løn etter tariff Som busett og arbeidstakar i kommunen vår kan du få sletta inntil 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år gjennom staten si ordning for nedskriving av studielån i distriktskommunar. Aukra kommune har heiltidskultur, men vi er åpen for redusert stilling om du ønskjer det Dekt legevaktskurs og kurs i vald- og overgrepshandtering Oppstart Etter avtale Arbeidstid Turnus, alle dagar Særskilt krav Det er krav om politiattest for tilsette som skal yte tenester etter helse- og omsorgstjenesteloven (jf. §5-4) Prøvetid Det er gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd. Søkarliste Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jf. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge. Søk på jobben Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling" Søk seinast 31. august Link til søknadsskjema: Søk her
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card