Assisterande rektor

SANDEFJORD KOMMUNE SKOLE OG OPPVEKST ADMINISTASJON · Gursken, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
SANDEFJORD KOMMUNE SKOLE OG OPPVEKST ADMINISTASJON
Location
Gursken, Norge
Posted
July 28, 2026

About this job

Sande kommune står overfor ei framtidsretta omorganisering av oppvekst og opplæring. Frå januar 2027 vil rektors leiargruppe ha ansvar for SFO og grunnskuleopplæring for alle grunnskuleelevar i Sande kommune, med skuleeiningar i Gursken og på Kvamsøy. Skulen i Sande kommune skal drive systematisk pedagogisk utviklingsarbeid i eit inkluderande læringsmiljø med fokus på trivsel og meistring. Arbeidsoppgåver Du vil få moglegheit til å vere med å utvikle og forme ny skulestruktur med framtidsretta blikk på pedagogikk, oppvekst og opplæring. Vi vil ha auka fokus på praktisk læring, nærmiljø, mangfald og venskap. Som ein del av rektor si leiargruppe vil du få moglegheit til gjere ein forskjell for barn og ungdom kvar einaste dag. Du vil ha ei sentral rolle i skuleutvikling i Sande kommune og fungere som rektor sin faste stadfortredar. Vi søkjer ein tydeleg, engasjert, strukturert, relasjonssterk og utviklingsorientert assisterande rektor med blikk for alle og hjarte for den einskilde. Som assisterande rektor vil du få eit betydeleg medansvar for den daglege drifta og langsiktige utvikling. Du vil ha nøkkelfunksjon i arbeidet med å styrke læringsutbytte og trivsel for barn og ungdom, og du vil vere sentral i utvikling av samhald og profesjonsfellesskap. Dette er ei leiarstilling for deg som liker høgt tempo, raske avgjersler, evner å skape arbeidsglede og som ynskjer ein innovativ framtidsretta skule. Nokre av oppgåvene vil innebere: Sentral rolle i rektor sin leiargruppe Delta i strategisk planlegging Rektor sin faste stadfortredar Medansvarleg for oppfølging av skulen si pedagogiske utvikling Støtte, rettleie og følgje opp tilsette i deira profesjonsutøving, med særskilt fokus på klasseleiing, gode verdiar, elevsyn og vurderingspraksis. Medansvarleg for dagleg drift, timeplanlegging, vikarhandtering, fråværshandtering, prøve- og eksamensansvarleg. Deltakande i systematisk, målretta arbeid for å avverge mobbing og utanforskap Vidare utviklingsarbeid med PALS, BTS og implementering av pedagogiske verktøy for universell utforming av læringsøkta. Andre oppgåver delegert av rektor Kvalifikasjonar Er utviklingsorientert og kan anvende kunnskap om skuleforsking. Har evne til å involvere medarbeidarar i gode utviklingsprosessar. Har godkjent pedagogisk utdanning og undervisningskompetanse for grunnskulen. Har relevant leiarutdanning og /eller har leiarerfaring. Kompetanse innan prosjektleiing er ynskjeleg Kompetanse og interesse for ITO og utvikling av universell utforming av opplæringsøkter Kompetanse og interesse for forebygging av utanforskap, rus og psykiatri Gode digitale kunnskapar og ferdigheiter Personlege eigenskapar Kommuniserer godt og tydeleg, og evner å skape tillit i møte med elevar, føresette og kollega. Du evner å fremje gode verdiar i tråd med skulen sitt mandat, og eit grunnleggande menneskesyn der kvar einskild elev opplever å vere verdifull for fellesskapet. Vi ser etter deg som har god sjølvinnsikt og eit sterkt ønske om å spele andre gode. Som kreativ, innovativ og framtidsretta pedagog bidreg du til å styrkje det tverrfaglege profesjonsfellesskapet i skule og SFO. Personlege eigenskapar vil verte vektlagt Vi tilbyr Eit inkluderande arbeidsmiljø og eit sterkt profesjonsfellesskap som ber preg av fagleg fokus og engasjement Ein skule der relasjonar, verdiar og læring går hand i hand Tett samarbeid og støtte i skulens leiarteam Gode moglegheiter for kompetanseutvikling Sande kommune har gode pensjons- og forsikringsordningar Det skal leggast fram godkjent politiattest ved tilbod om tilsetjing. Attesterte kopiar av vitnemål og arbeidsstadfesting samt dokumentasjon av godkjent tenesteansiennitet må leggast fram på førespurnad, eller last opp som vedlegg til søknad. Trur du at du kan ha fortrinnsrett til stillinga? Du kan lese meir om fortrinnsrett på Sande kommune sine heimesider Tilsetjing skjer etter kommunalt avtaleverk og på dei vilkår som kjem fram av lover, reglement og tariffavtalar. Det takast atterhald om endring av tenestestad, ansvars- og arbeidsområde samt eventuelle tilpassingar i stillinga sitt innhald etter kommunens skiftande behov. Sande kommune er i kommunegruppe 6. Det vil sei at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1.januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort Kontaktinformasjon Lilly-Arlen Kvalsund, kommunalsjef oppvekst og kultur, Arbeidsstad Vågen 10 6082 Gursken Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Sande kommune Referansenr.: 5152337017 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 30.08.2026

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free