Vegteknolog

VESTLAND FYLKESKOMMUNE INFRASTRUKTUR OG VEG BERGEN · Bergen, Norge · Remote-friendly

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
VESTLAND FYLKESKOMMUNE INFRASTRUKTUR OG VEG BERGEN
Location
Bergen, Norge
Posted
July 19, 2026

About this job

Med våre over 6 000 tilsette er Vestland fylkeskommune ein av dei største arbeidsstadane i fylket. Vi har ansvaret for 5 547 km med fylkesveg, 278 tunnelar, 1 988 bruer, 30 ferjesamband. Avdelinga vår, Infrastruktur og veg, skal sikre ein framtidsretta infrastruktur. Målet er å betre samband internt i regionen og sørge for gode kommunikasjonar mot resten av landet. Vi er ein av landets største byggherrar innan samferdsle, og vi har mange spanande investerings- og vedlikehaldsprosjekt i åra som kjem. For å styrke vårt vegteknologiske fagmiljø på geo- og skredseksjonen, søkjer vi no etter ein dyktig vegteknolog. Du vil bli ein sentral person når vi skal realisere nye samferdsleprosjekt og utføre viktige drift- og vedlikehaldsoppgåver på våre fylkesvegar. Geo og skredseksonen består i dag av eit kompetent fagmiljø innan geoteknikk, ingeniørgeologi, skred og vegteknologi. Vi er i dag fire geoteknikarar, seks ingeniørgeologar, ein vegteknolog og ein DAK-operatør som er fordelt på våre kontorstadar i Leikanger, Voss og Bergen. For denne stillinga vil kontorstaden vere Bergen. For kvalifiserte søkarar kan Leikanger og Voss kan vere aktuelle kontorstader. Arbeidsoppgåver Som vegteknolog på geo- og skredseksjonen får du stort ansvar, utfordrande oppgåver og mykje friheit i arbeidsdagen. Me er opptekne av at du har ein fin balanse mellom jobb og fritid. Du vil bli del av eit stort og veletablert fagmiljø innan samferdsle som består av om lag 380 medarbeidarar innan fleire fagområde, og du vil jobbe med geotekniske prosjektoppdrag både innan planprosjekt, investering, vedlikehald og drift. Noko reising må du rekne med. Typiske arbeidsoppgåver vil vere: Fagleg rådgjeving og prosjektering av vegoverbygning i alle planfasar. Vurdere materialkvalitet til fjell/lausmasser i linja. Gjennomføre forsterkningsplanlegging og bistå med oppfølging/kvalitetskontroll under bygging. Vurdere tilstand på eksisterande veg basert på lokalkunnskap og befaringar. Ha ei sentral rolle i det pågåande forsterkningsprogrammet: utarbeide forsterkningsplan med forsterkningsmetode basert på undersøkingar, visuelle vurderingar og kjent kunnskap. Arbeidsmiljøundersøkingar syner at vi har eit veldig godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente medarbeidarar som trivst saman på jobb og utfordrar kvarandre fagleg. Vi har eit sterkt fagmiljø som er gode på kunnskapsdeling og inkludering, og det ligg godt til rette for både fagleg og personleg utvikling. Kvalifikasjonar Relevant høgare utdanning på bachelor- eller masternivå innan vegteknologiske fag frå universitet eller høgskule. Relevant erfaring og gode resultat frå arbeidsområdet. Det er ønskjeleg med minst 3-4 års erfaring som vegteknolog, men vi oppfordrar også nyutdanna til å søkje. Du kjenner godt til og kan bruke digitale verktøy. Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Førarkort klasse B. Personlege eigenskapar Som medarbeidar på geo- og skredseksjonen forventar vi at du har gode samarbeidsevner og kan utføre arbeidsoppgåvene dine på ein sjølvstendig og systematisk måte. Du har stå-på-vilje og er god på å dele kunnskap med kollegaane dine. Vi ønskjer at du er initiativrik og modig, engasjert og resultatorientert, og vil bidra til eit godt arbeidsmiljø. Vi tilbyr Utfordrande stilling i eit sterkt fagmiljø med høg profesjonalitet Faglege nettverk og moglegheit for vidareutdanning Variert arbeidsdag og meiningsfulle oppgåver Tillitsbasert leiing der du raskt vil få ansvar Fleksibel arbeidstid Attraktive pensjons- og forsikringsordningar Løn etter avtale Heimekontor etter avtale Moderne kontorfasilitetar på alle kontorstader Har du spørsmål til stillinga eller ønskjer meir informasjon, er du velkomen til å kontakte seksjonsleiar på geo- og skredseksjonen Stein Olav Njøs:. Kontaktinformasjon Stein Olav Njøs, leiar, Arbeidsstad Lars Hilles gate 22 5008 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5153997039 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 30.08.2026

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free