Kvalitetsingeniør
EIDE FJORDBRUK AS · Bergen, Norge
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will continue to the employer’s original posting.
- Company
- EIDE FJORDBRUK AS
- Location
- Bergen, Norge
- Posted
- July 15, 2026
About this job
No ønskjer me å styrkje kvalitetsavdelinga med to nye kvalitetsingeniørar som vil vere med på å vidareutvikle kvalitetsarbeidet vårt. Om stillinga: Stilling som kvalitetsingeniør er ei nøkkelrolle i arbeidet med å nå konsernets visjon. Rolla skal bidra til høgare effektivitet og kvalitet i konsernet. Stillingane inngår i konsernets kvalitetsfunksjon. Målet med rollane er å sikre at Eide har strukturane, systema og prosessane som trengs for å sikre kvalitet i alle ledd -- frå produksjon og produktutvikling til sertifisering og etterleving av gjeldande krav. Me er eit team som saman støttar alle dei ulike avdelingane i konsernet. Ansvarsområder blir fordelt på enkeltpersoner, og me har derfor ein variert bakgrunn. Me jobbar saman for å samkjøyre korleis me skal løyse oppgaver og utarbeida prosessar -- og for å bistå kvarandre ved behov. I fellesskap skal me: Bidra til at konsernet etterlev aktuelle lovar, forskrifter, sertifiseringar og standarder Følge opp kvalitetssystemet, inkludert registrering, behandling og oppfølging av avvik Bistå med risikoanalysar Byggje system og prosessar i kvalitetssystemet Landax Bistå med utarbeiding og tilpassing av sjekklister Planleggje, gjennomføre og følge opp interne revisjonar, sertifiseringsrevisjonar og eksterne revisjonar Bidra til økt kompetanse og forståelse for kvalitetsarbeid i organisasjonen Rapportere og dokumentere kvalitetsarbeidet på ein strukturert måte Identifisere forbetringsområde og bidra til kontinuerleg forbetring, inkludert Lean-initiativ Oppfølging av HMS Me søkjer no etter to personar der primæransvar vil vera oppfølging av drift for den eine og oppfølging av teknologiprodusenten Watermoon for den andre. Rollane vil til dels kunne formast til ulike kandidatar, og arbeidsoppgåver vil kunne endrast over tid. Oppfølging av drift Drift strekkjer seg gjennom heile verdikjeda -- frå 3stk smoltanlegg, 16stk matfisk-lokaliteter og eit slakteri - fordelt over Vestland og Sogn. Eksempel på arbeidsoppgåver oppfølging av drift: Primæroppgåve vil være oppfølging av smoltanlegg og matfisk-lokalitetar Sikre drift iht relevante lovar og reglar Utarbeida, oppdatere og følge opp prosedyrar, interne kvalitetsstandardar og annan relevant dokumentasjon Gjennomføring av risikoanalysar Delta på revisjonar Oppfølging av tilsyn frå myndigheiter og andre sertifiseringsorgan Bistå som støttefunksjon for driftspersonell Kvalifikasjonar: Relevant utdanning innan kvalitetsarbeid, ingeniørfag, produksjon, akvakultur eller tilsvarande. Relevant erfaring kan kompensera for formell utdanning Erfaring med kvalitetsarbeid, kvalitetssystem, dokumentasjon, avvikshandtering eller prosessforbetring er ønskeleg Erfaring frå akvakultur er ein fordel. Kjennskap til relevante standardar, sertifiseringar og lovkrav, gjerne NS 9415:2021 og Nytek23 Gode digitale ferdigheiter og evne til å arbeida strukturert og systematisk Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner Førerkort klasse B Arbeidsstad: Du vil disponera kontorplass både ved hovedkontoret i Eidestøa og i Bergen. Det er forventa at du jobbar minimum 2 dager i veka frå Eidestøa. Det må påreknast noko reise ved besøk av lokaliteter. Oppfølging av teknologiprodusenten Watermoon Watermoon er Eide si store satsing på lukka anlegg. Løysinga blir designa og utvikla av oss. Som kvalitetsingeniør vil du ha ansvar for produktsertifisering av Watermoon i tråd med NYTEK23 og NS9415:2021. Arbeidet omfattar mellom anna: Kartleggje, evaluere og vidareutvikle prosessar knytt til produktutvikling og produksjon Utarbeide, oppdatere og fylgje opp prosedyrar, interne kvalitetsstandardar og annan relevant dokumentasjon Bistå med risikovurdering av design og drift Sørge for rutinar for dokumentasjon av prosessar og utført arbeid Følge opp 3.partsoppfølging av produktet Følge opp leverandørar frå eit kvalitetsperspektiv Gjennomføre revisjonar Følge opp produksjon og sjøsetting av Watermoon Utarbeiding og vedlikehald av brukermanual Bistå som støttefunksjon til Watermoon-teamet Kvalifikasjonar: Relevant utdanning innan kvalitetsarbeid, ingeniørfag, produksjon, akvakultur eller tilsvarande. Relevant erfaring kan kompensera for formell utdanning. Erfaring med kvalitetsarbeid, kvalitetssystem, dokumentasjon, avvikshandtering eller prosessforbetring er ønskeleg Erfaring frå produksjonsbedrift, industri, akvakultur eller teknisk drift er en fordel Kjennskap til relevante standardar, sertifiseringar og lovkrav, gjerne Nytek 23, NS 9415:2021 og ISO 9001 Gode digitale ferdigheiter og evne til å arbeide strukturert og systematisk Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner Førerkort klasse B Arbeidsstad: Du vil disponera kontorplass både ved hovedkontoret i Eidestøa og i Bergen. Det er forventa at du jobbar minimum 2 dager i veka frå Eidestøa. Det må påreknast noko reise
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card