Rettleiar/sakshandsamar ved Nav Lom og Skjåk
SKJÅK KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON · Skjåk, Norge · Remote-friendly
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will continue to the employer’s original posting.
- Company
- SKJÅK KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON
- Location
- Skjåk, Norge
- Posted
- July 13, 2026
About this job
Vi søkjer rettleiar/sakshandsamar ved Nav Lom og Skjåk i 100 % stilling. Nav Lom og Skjåk er eit partnarskap mellom stat, Lom kommune og Skjåk kommune, der Skjåk kommune er vertskommune. Kontoret har ni tilsette og er lokalisert i Bismo. Stillinga er ledig frå 01.09.26. Om stillinga Råd og rettleiing innanfor for eksempel aktivitet og arbeid, økonomi og førebygging av sosiale vanskar. Engasjere og motivere både jobbsøkjarar, arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartnerar. Vere aktiv i høve til at flest mogleg oppnår sitt mål om til tilknyting til arbeidslivet. Samarbeide og finne gode løysingar med kollegaer, arbeidsgjevarar, helsevesen og andre involverte. Handtere fleire datasystem for å løyse Nav sine oppgåver i hovudsak økonomisk sakshandsaming og rettleiing. Arbeidsoppgåver: Kontoret er i starten av eit fagleg utviklingsarbeid, for å gjere oss mindre sårbare ynskjer vi at tilsette håndterer alle våre arbeidsfelt; arbeidsretta, sjukefråværsoppfølging og økonomisk sosialhjelp. Her kan det bli endring i arbeidsoppgåver. Tett samarbeid med andre aktørar i samfunnet. Forvaltning av private personar sin økonomi. Kvalifikasjonar Minimum 3-årig relevant utdanning frå høgskule/universitet. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet. Digitalkompetanse og evne til å setje seg inn i nye arbeidsmetodar. Ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg - kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk. Førarkort klassse B. Vi vektlegg at du ynskjer spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver med mål om å løyse eit viktig samfunnsoppdrag har evne til å arbeide målretta har evne til å arbeide i team er sjølvstendig i planlegging og drift av eigen arbeidskvardag har gode servicehaldningar samt god kommunikasjonsevne har gode samarbeidseigenskapar, er fleksibel og har gode evner til omstilling har kjennskap til arbeidsmarknaden, utdanning og Nav sine tenester er fleksibel og har godt humør Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Ein må rekne med noko reising som ein del av jobben. Ynskjer du meir informasjon om Nav - gå inn på nav.no. Vi tilbyr tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale pensjonsordning i KLP Spørsmål kan rettast til Gudrun Teigen, konstituert leiar Nav Lom og Skjåk, mob. e-post: Søknadsfrist 26.08.2026 Skjåk kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn. Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card