Tannlege

HØYANGER TANNKLINIKK · Høyanger, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
HØYANGER TANNKLINIKK
Location
Høyanger, Norge
Posted
July 9, 2026

About this job

Vil du ha ein jobb der du utviklar deg- og samtidig gjer ein forskjell? I Høyanger får du begge delar. Her møter du eit varmt og inkluderande arbeidsmiljø, faglege utfordringar og kollegaer som heiar på deg. Vestland tannhelseteneste- Høyanger tannklinikk har ledig 100% fast stilling som tannlege, med oppstart etter avtale. Vi har og ledig 100% vikariat med moglegheit for fast tilsetting. Kvifor Høyanger? Høyanger ligg vakkert til ved Sognefjorden og har rundt 2000 innbyggjarar i tettstaden og 3900 i heile kommunen. Staden har eit levande lokalsamfunn og ei rik industrihistorie særleg knytt til aluminium. Her får du: Skiturar rett frå døra: Preppa løyper berre 10 minutt frå sentrum, frå november til april. Fantastiske toppturar både sommar og vinter. Fiske og jakt: Daleelva byr på gode moglegheiter for laksefiske, og jakt og fiskelaget er aktive innan både hjortejakt og småviltjakt. Trening og aktivitet: Nytt treningssenter, Høyangerbadet med 3 badebasseng og sklie og eit idrettslag med eit breitt tilbod. Kort reiseveg til Bergen, og kort veg til næraste flyplass, Bringeland. Sletting av studielån: Høyanger kommune er med i den nye nasjonale ordninga for gjeldsslette. Det betyr at du kan få 25 000 kroner avskrive kvart år, så lenge du oppfyller vilkåra. Om Høyanger tannklinikk: Klinikken er moderne, triveleg og består av: 3 tannlegar 1 tannpleiar 3 tannhelsesekretærar Lokala vart totalrenovert i 2019 og ligg i same bygg som vidaregåande skule- med Høyangerbadet og idrettsanlegget som næraste naboar. Her får du: Eit godt arbeidsmiljø Variert pasientgrunnlag i alle aldersgrupper, inkludert vaksne Gode moglegheiter for fagleg utvikling Høyanger - Fjord Norway Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar. Det er om lag 550 tilsette i Vestland fylkeskommune, fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland. Arbeidsoppgåver Du utfører klinisk arbeid for alle pasientgrupper, inklusiv vaksne betalande pasientar. Du held deg fagleg oppdatert og følger gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt jobber for å nå måla til Vestland tannhelseteneste. Du deltar i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling, samt andre felles oppgåver for drift av klinikken. Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som tannlege Behersker norsk som arbeidsspråk, skriftleg og munnleg Godkjend politiattest må framleggast Relevant informasjon for søknaden må vere oversett til norsk. Det vert vektlagd at søkjar er personleg eigna til stillinga. Personlege eigenskapar Du likar å arbeide med menneske og har alltid pasienten i fokus. Du kan samhandle med ulike pasientgrupper. Du kommuniserer godt og har evne til å skapa gode relasjonar til pasientar, pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartar. Du trivst med å jobbe i team og er aktivt med på å skape eit godt arbeidsmiljø. Du arbeider systematisk, strukturert og planmessig for å nå måla våre. Du er nysgjerrig og interessert i fagleg utvikling, du deler også kompetanse med andre. Vi tilbyr Ein meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar Eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse Etterutdanning og kurs for fagleg og personleg utvikling Løn etter avtale Gode offentlege pensjons - og forsikringsordningar Kontaktinformasjon Hildegunn Norevik Løland, klinikkleiar,, Arbeidsstad Hjetland 1 6993 Høyanger Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5155077572 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 31.08.2026

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free