Lege i spesialisering
HELSE FØRDE HF NORDFJORD PSYKIATRISENTER RUSPOST · Nordfjordeid, Norge
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will continue to the employer’s original posting.
- Company
- HELSE FØRDE HF NORDFJORD PSYKIATRISENTER RUSPOST
- Location
- Nordfjordeid, Norge
- Posted
- July 9, 2026
About this job
Seksjon døgn ved Nordfjord psykiatrisenter har ledig 100 % vikariat for lege i spesialisering (LIS 2/3) frå 01.12.2026 til 31.08.2027. Vil du arbeide tett med pasientar som opplever psykiske vanskar, og bidra til eit viktig behandlingstilbod i spesialisthelsetenesta? Hos oss får du ein variert arbeidskvardag og gode moglegheiter for fagleg utvikling i eit tverrfagleg miljø. Ved Nordfjord psykiatrisenter gir vi behandling til menneske i ulike fasar av livet. Seksjon døgn har 12 sengeplassar og om lag 30 tilsette. Psykiatrisenteret har tre seksjonar med til saman om lag 75 årsverk. Du vil samarbeide med fleire faggrupper, mellom anna psykologar, overlegar, legar i spesialisering, sosionomar og miljøterapeutar. Ønskjer du å vite meir om arbeidsplassen? Les meir om Nordfjord psykiatrisenter på heimesida vår: Nordfjord psykiatrisenter Arbeidsoppgåver Vurdere, greie ut og diagnostisere pasientar med psykiske vanskar og/eller rusproblem Vere kontaktlege for pasientar i døgnbehandling Planlegge og gjennomføre behandling i samarbeid med pasient og tverrfagleg team Samharbeide med pårørande og aktuelle samarbeidspartar Delta i Nordfjord psykiatrisenter si vaktordning Deltaking i tilsynsordning ved Nordfjord sjukehus Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som lege og fullført LIS1 Klinisk erfaring og/eller interesse for arbeid med psykiske lidingar og rusproblem Førarkort klasse B Gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg Gode språkkunnskaper er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer tek ansvar og arbeider sjølvstendig i kliniske vurderingar byggjer gode relasjonar og bidreg til eit trygt behandlingsmiljø trivst med å samarbeide i tverrfaglege team klarer å prioritere oppgåver i ein variert og til tider travel kvardag Personleg eignaheit vert vektlagt Vi tilbyr Løn etter gjeldande avtale, med rekrutteringstillegg Tilrettelegging for gjennomføring av spesialisering (LIS-løp) Fagleg utvikling gjennom rettleiing, kurs og internundervisning Eit tverrfagleg miljø med engasjerte, dyktige og erfarne kollegaer Gode pensjons- og forsikringsordningar Hjelp til å skaffe bustad Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Synnøve Merethe Johnsen, Seksjonsleiar, Mari Ann Jacobsen Bruvoll, Teamleiar, Arbeidssted Sjukehusvegen 9 6770 NORDFJORDEID Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5150617846 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.12.2026 Sluttdato: 31.08.2027 Søknadsfrist: 23.08.2026
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card