Omsorg, faglegheit og gode relasjonar; bli med på laget i Victoriahagen

Sogndal kommune Bu- og miljøtenesta Balestrand · Leikanger, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
Sogndal kommune Bu- og miljøtenesta Balestrand
Location
Leikanger, Norge
Posted
July 8, 2026

About this job

Vil du ha ein jobb der du får vere tett på menneske og gjere ein positiv forskjell i kvardagen deira? Victoriahagen er ein del av Bu- og miljøtenesta i Sogndal kommune. Me gir tenester til menneske med ulike funksjonsnedsettingar og samansette behov, og arbeider for å skape trygge, meiningsfulle og utviklande kvardagar for den enkelte. Turnusordninga inneber 13 timars vakter i kombinasjon med korte kveldsvakter. No søkjer me fleire nye kollegaer som ønskjer å vere med på laget vårt til stillingane som er ledig frå dags dato: Fast tilsetjing: 3 x 100 % miljøterapeut 1 x 60 % helsefagarbeidar 3 x 65,7 % helsefagarbeidar natt Vikariat: 1 x 75 % helsefagarbeidar fram til 31.01.2027 Oppstart etter avtale. Korleis er det å jobbe i Victoriahagen? Hjå oss blir du del av eit fagmiljø som arbeider målretta for å gi gode tenester og auka livskvalitet til brukarane våre. Me legg vekt på relasjonar, meistring, aktivitet og individtilpassa oppfølging. Målet vårt er og ha eit lag som samarbeider tett, støttar kvarandre og deler kunnskap og erfaringar. Samtidig får du stor moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag og bidra med eigne idéar. Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåvene vil variere noko mellom stillingane, men kan mellom anna omfatte: Målretta miljøarbeid og individuell oppfølging Personleg assistanse og praktisk bistand Opplæring og rettleiing i dagleglivet Samarbeid med pårørande og andre fagpersonar Dokumentasjon og fagleg oppfølging Legemiddelhandtering etter kompetanse og fullmakt Primærkontakt- og koordinatoroppgåver ved behov Aktiv deltaking i fagutvikling og kvalitetsarbeid Arbeidet ved nattestillingane omfattar særleg oppfølging og trygging av brukarane gjennom natta samt helsefagoppgåver. Kven ser me etter? For miljøterapeut-stillingane: Du har relevant 3-årig helse-, sosial- eller pedagogisk utdanning frå høgskule eller universitet. For helsefagarbeidar-stillingane må du ha autorisasjon som helsefagarbeidar. For alle stillingane ønskjer me at du: Er trygg i møte med menneske Er sjølvstendig og ansvarsbevisst Samarbeider godt med andre Bidreg til eit godt arbeidsmiljø Ønskjer å vere med og utvikle tenestene våre Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Me tilbyr: Meiningsfulle arbeidsdagar der du ser resultat av arbeidet ditt Godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer Fagleg utvikling og rettleiing Varierte arbeidsoppgåver Løn etter tariff Gode pensjons- og forsikringsordningar Gratis overnatting mellom vaktene Sogndal kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller hol i CV-en. Tilsetjing skjer på dei vilkåra som går fram av lover, reglement og tariffavtalar. Det kan bli aktuelt med prøvetid i samsvar med gjeldande regelverk. I samsvar med offentleglova kan namnet ditt bli offentleggjort sjølv om du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste. Dersom ønsket ditt ikkje kan takast til følgje, vil du bli varsla før søkjarlista blir offentleggjord. Link til søknadsskjema: Søk her

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free