Stipendiat (8 stillingar) ved Det medisinske fakultet

UNIVERSITETET I BERGEN DET MEDISINSKE FAKULTET · Bergen, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
UNIVERSITETET I BERGEN DET MEDISINSKE FAKULTET
Location
Bergen, Norge
Posted
July 7, 2026

About this job

https://youtu.be/M5n6RnScNgA Stipendiat (10 stillingar) Ved Det medisinske fakultet er det ledig åtte (8) opne stipendiatstillingar med oppstart frå februar 2027. Stipendiatar vert tilsett i 100 % stilling for ein periode på tre (3), eller til maksimalt fire (4) månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før tre (3) år. Desse stillingane er opne for søkjarar som har mastergrad som er relevant for fakultetet sine forskingsområde. Åtte (8) stillingar er opne stipendiatstillingar Stillingane vil verte knytte opp mot det instituttet som det er naturleg at prosjekta høyrer inn under. Denne utlysinga gjeld stillingar knytte til forskingsprosjekt ved: – Institutt for biomedisin (IBM) – Klinisk institutt 2 (K2) – Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS) – Klinisk institutt 1 (K1) For søkjarar frå Institutt for klinisk odontologi (IKO) vert det synt til eiga utlysing. Fire (4) stillingar er øyremerkte for kandidatar med bakgrunn frå forskarlina Stillingane er kvoterte for søkjarar med bestått cand.med. og master i odontologi samt fullført forskarlina under studiet. Det er eit vilkår at du startar i stipendiatstillinga direkte etter studiet. Dei som vert uteksaminert hausten 2026 startar i stillinga 1. februar 2027. Dei som vert uteksaminert våren 2027 startar i stillinga 1. september 2027. Dei som får dei øyremerkte stillingane vert tilsette i 100 % stilling i ein periode på tre (3) år, med fråtrekk av tid for gjennomført opplæringsdel i ph.d.-programmet, eller til seinast fire (4) månader etter at stillingsperioden er ute eller etter fullført doktorgrad. Dei som får stillingane pliktar å arbeide i inntil 20 timar årleg ved forskarlina. Dette arbeidet er knytt til rekruttering, informasjonsarbeid og liknande, etter avtale med leiinga ved forskarlina. Vurdering av søkjaren: Søknadene vert vurderte ut frå følgjande kriterium: Kandidat: Søkjaren sin kompetanse, karaktergrunnlag og relevant fagleg aktivitet. Krav er fullført og godkjent mastergrad (sjå meir informasjon under). Prosjekt: Den vitskaplege verdien til prosjektet, samt om det er mogleg å gjennomføre det innafor rammene til ph.d.-programmet og stipendiatstillinga. Forskingsmiljø: Miljøet si evne til å utvikle kandidaten, relevant publikasjonsaktivitet. Opphald ved utanlandske institusjonar frå 6-12 månader vert tillagt vekt. Det må gå klart fram frå prosjektomtalen korleis utanlandsopphaldet er integrert i prosjektet og gjev meirverdi til prosjektet. Retningslinjer for vurdering av kandidat, prosjekt og forskingsmiljø finn du her. Kvalifikasjonar og eigenskapar: Stillingane er opne for søkjarar med profesjonsutdanning eller masterutdanning relevant for forskingsfelt ved fakultetet. Evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt Sjå også krav om dokumentasjon av engelsk-kunnskapar. Forskarutdanning: Stilling som stipendiat har som mål at kandidaten skal fullføre forskarutdanning fram til doktorgrad. Stipendiaten skal gjennomgå eit godkjend opplegg, fastlagt i fakultetet sitt ph.d.-program, innafor den fastlagde tidsramma. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre (3) månader etter start i stillinga. Stipendiatstilling: Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn éin åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje verte tilsett i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. På ph.d.-utdanninga er undervisningsspråket engelsk. God skriftleg og munnleg engelsk er eit krav. Særlege krav til stillinga Regelverket for eksportkontroll gjeld for Universitetet i Bergen. Regelverket vil liggje til grunn i handsaminga av søknadane. Vi tilbyr: Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø Løn for tida kr 600 000 (kode 1017) i lønsregulativet til staten. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling er løn for tida kr 615 000 (For søkjarar som er autorisert som lege eller tannlege, må dokumentasjon på norsk autorisasjon leggjast ved søknaden). For søkjarar med spesialistutdanning er løna for tida kr 635 000 (For søkjarar som har spesialistutdanning, må det leggjast ved spesialistgodkjenning frå Helsedirektoratet.) Gode velferdsordningar, inkludert pensjonssparing i Statens pensjonskasse, yrkesskadeforsikring, full løn under sjukefråvær i 52 veker og betalt foreldrepermisjon. Trening i arbeidstid Treningstilbud for ansatte | For ansatte | UiB Norskkurs utan kostnad. Fleksible arbeidsordningar, tilgang til ulike permisjonsordningar og eit støttande og trygt arbeidsmiljø som legg til rette for

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free