Heimehjelp – 80 % fast stilling

SOLUND KOMMUNE PLEIE- OG OMSORGSTENESTA HEIMEBASERTE TENESTER · Hardbakke, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
SOLUND KOMMUNE PLEIE- OG OMSORGSTENESTA HEIMEBASERTE TENESTER
Location
Hardbakke, Norge
Posted
July 6, 2026

About this job

Vil du gjere ein forskjell i kvardagen til andre? Vil du vere med og bidra til at innbyggjarane i Solund kan bu trygt og godt i eigen heim? Som heimehjelp får du ein meiningsfull arbeidskvardag der du hjelper menneske i ulike livssituasjonar med praktiske oppgåver som gjer kvardagen enklare. Du blir ein viktig del av helse- og omsorgstenesta og bidreg til meistring, trivsel og livskvalitet for brukarane våre. Arbeidsstad Stillinga omfattar arbeid i heile Solund kommune, hovudsakleg i brukarane sine heimar, med noko arbeid ved Solund helsetun. Arbeidsoppgåver Reinhald av bustad i samsvar med vedtak og behov Skifte av sengetøy Klesvask og enkel handtering av klede Enkle praktiske gjeremål i heimen Førefallande reinhald ved Solund helsetun Bidra til eit trygt, triveleg og hygienisk bumiljø Samarbeide med brukarar, pårørande og andre tenester ved behov Følgje gjeldande rutinar, lover og forskrifter Ivareta brukarane si verdigheit, integritet og sjølvbestemming Bidra til eit godt arbeidsmiljø Kvalifikasjonar Vi ønskjer at du: Har erfaring frå reinhald, omsorgsarbeid eller tilsvarande arbeid Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Har førarkort klasse B Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell kompetanse. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som: Er serviceinnstilt, omsorgsfull og imøtekommande Arbeider sjølvstendig og tek ansvar Er strukturert og påliteleg Er fleksibel og løysingsorientert Har gode samarbeidsevner Møter menneske med respekt, varme og forståing Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Vi tilbyr Ei meiningsfull og variert stilling der du gjer ein forskjell kvar dag Stor grad av sjølvstende i arbeidet Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer Løn etter gjeldande tariffavtale Gode pensjons- og forsikringsordningar Offentleg søkjarliste I samsvar med offentleglova blir det utarbeidd offentleg søkjarliste. Søkjarar som ber om unntak frå offentleggjering må grunngje dette. Dersom ønsket ikkje kan takast til følgje, vil søkjaren bli kontakta før søkjarlista blir offentleggjord og få høve til å trekkje søknaden. Velkomen som søkjar! Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga og ønskjer berre kontakt med søkjarar. Link til søknadsskjema: Søk her

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free