Vil du være med og forme framtida i Suldal

SULDAL KOMMUNE FELLESTENESTENE KOMMUNEDIREKTØR, STAB · Sand, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
SULDAL KOMMUNE FELLESTENESTENE KOMMUNEDIREKTØR, STAB
Location
Sand, Norge
Posted
June 29, 2026

About this job

Store industrietableringar. Nye moglegheiter. Auka aktivitet og gir grunnlag for fleire lokale og regionale arbeidsplassar. Det skjer spennande ting i Noregs største kraftkommune dei komande åra - og no søkjer vi ein næringssjef som vil vere med å utvikle Suldal vidare. Suldal står framfor ei tid med store moglegheiter innan næringsutvikling, etableringar, bustadvekst og lokal verdiskaping. Som næringssjef får du ei sentral rolle i å omsetje moglegheiter til handling og bidra til varig utvikling for kommunen og regionen. Dette er ei nøkkelstilling for deg som ønskjer å arbeide strategisk og operativt med samfunnsutvikling, næringsutvikling og samarbeid mellom offentlege og private aktørar. Om stillinga Som næringssjef får du ansvar for å leie og vidareutvikla kommunen sitt arbeid innan nærings- og samfunnsutvikling. Du skal identifisere moglegheiter, byggje relasjonar, koordinere innsats og leggje til rette for vekst og etableringar. Målet er å bidra til auka busetjing, fleire arbeidsplassar og størst mogleg lokal verdiskaping. Du vil samarbeide tett med politisk og administrativ leiing, næringslivet, regionale utviklingsmiljø, investorar, kunnskapsmiljø og andre sentrale aktørar. Stillinga er plassert i kategorien rådgjevar kap. 5 og rapporterer direkte til kommunalsjef for Kultur- og samfunnsutvikling. Arbeidsoppgåver Leie og utvikle kommunen sitt strategiske arbeid innan næringsutvikling Utarbeide og følgje opp nærings- og bustadstrategiar Initiere, leie og gjennomføre utviklingsprosjekt og utgreiingsarbeid Leggje til rette for nye etableringar og vidareutvikling av eksisterande næringsliv Byggje og koordinere samarbeid mellom kommune, næringsliv og regionale aktørar Bidra til å utvikle Suldal som ein attraktiv kommune for etablering, investering og busetjing Arbeide aktivt med omdømebygging og synleggjering av moglegheitene i kommunen Identifisere finansierings- og samarbeidsmoglegheiter for utviklingsprosjekt Utarbeide planar, styringsgrunnlag og beslutningsunderlag Politisk sakshandsaming Kven ser vi etter? Vi ser etter ein samfunnsengasjert og utviklingsorientert person som ser moglegheiter der andre ser utfordringar. Du er relasjonsbyggjar, arbeider strukturert og trivst med å omsetje strategi til konkrete resultat. Du har gjennomføringskraft, evne til å få folk med deg og motiverast av å skape utvikling med langsiktig verdi. Kvalifikasjonar Relevant høgare utdanning innan samfunnsutvikling, økonomi, innovasjon, leiing, planlegging eller tilsvarande Erfaring frå næringsutvikling, samfunnsutvikling, forretningsutvikling eller anna strategisk utviklingsarbeid Erfaring med å leie eller koordinere prosjekt med fleire aktørar Gode skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk Lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet. Det er ein fordel om du har erfaring frå offentleg forvaltning og forståing for samspelet mellom politikk, administrasjon og næringsliv Det er ein fordel om du har Erfaring med etableringsarbeid, investeringsprosessar eller utvikling av næringsareal Erfaring med å hente inn eller forvalte eksterne utviklingsmidlar Kjennskap til regionalt næringsliv og utviklingsaktørar Erfaring frå leiing av tverrfaglege samarbeid eller komplekse utviklingsprosessar God skriftleg og munnleg framstillingsevne på engelsk Personlege eigenskapar Vi legg vekt på at du: Tek initiativ og driv prosessar framover Arbeider strukturert og omset planar til resultat Byggjer gode relasjonar og skaper samarbeid Kommuniserer tydeleg og får med deg ulike interessentar Trivs du i skjeringspunktet mellom strategi og gjennomføring Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt. Vi tilbyr Ei sentral rolle i utviklinga av framtidas Suldal Meiningsfulle og samfunnsviktige arbeidsoppgåver Høg grad av sjølvstende og moglegheit til å påverke Fleksibel arbeidsordning med høve til fleksibel arbeidstid og arbeidsstad Dyktige kollegaer og sterke samarbeidsmiljø Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling Løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar Slik søkjer du Vi ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar. Du kan logge inn via ID- porten, med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Vi ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju. Treng du hjelp, kan du venda deg til kommunen på tlf. Spørsmål til stillinga kan rettast til kommunalsjef for Kultur- og samfunnsutvikling Øyvind Stueland, mail:, mobil: Link til søknadsskjema: Søk her

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free