Dyktig jurist med solid erfaring innan konkurranserett

Konkurransetilsynet · Bergen, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches Legal first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
Konkurransetilsynet
Location
Bergen, Norge
Posted
August 19, 2026

About this job

Konkurransetilsynet har som hovudoppgåve å fremje konkurranse til det beste for forbrukaren, mellom anna ved å handheve konkurranselova. Tilsynet sine tilsette arbeider dagleg med spennande og utfordrande konkurransesaker som involverer sentrale aktørar innan norsk næringsliv. Tilsynet sine tilsette arbeider saman med andre europeiske land sine konkurransestyresmakter, EFTAs overvakingsorgan (ESA) og Europakommisjonen, og deltek dessutan i anna internasjonalt samarbeid innan våre fagområde. Vi søkjer etter ein dyktig og erfaren jurist med solid erfaring frå arbeid med konkurranserett, som ynskjer å inngå i eit sterkt fagmiljø og være involvert i mange av våre krevjande konkurransesaker. Vi ser etter deg som er effektiv, liker å jobbe med utfordrande rettslege problemstillingar, handterer komplekse saker og bidrar aktivt til fagleg utvikling gjennom sparring og kunnskapsdeling. I denne stillinga blir du ein del av Marknadsavdelinga for Finans og Kommunikasjon, der du saman med dyktige kollegaer bidreg til å handheve konkurranselova og utvikle konkurranseretten i praksis. Hos oss vil du oppleve ein variert arbeidskvardag med faglege utfordringar og fordjuping. Du får mellom anna ein unik moglegheit til å arbeide med dei største oppkjøpa i det norske næringslivet og etterforsking av moglege brot på konkurranselova. Konkurransetilsynet sin moglegheit til å ileggje alvorlege administrative sanksjonar stiller strenge krav til saksbehandling og prosess, og krev at du som jurist set deg grundig inn i aktuelle rettsreglar både innan forvaltningsrett, EU/EØS-rett og konkurranserett. I tillegg vil du gjennom arbeidet få særskilt kompetanse om korleis viktige norske marknader fungerer. Juristar i Konkurransetilsynet samarbeider tett med økonomar, etterforskarar og tilsette med særskilt digital kompetanse, og krev gode samarbeidsevner. Arbeidskvardagen i Konkurransetilsynet er prega av ulike former for utadretta verksemd. Gjennom arbeidsoppgåvene vil du vere i hyppig kontakt med sentrale aktørar i norsk næringsliv, andre offentlege instansar, internasjonale organisasjonar og andre fagmiljø innan juss og økonomi. Kva skal du jobbe med? Som jurist hos oss vil du mellom anna: arbeide med kompliserte juridiske vurderingar, mellom anna innan konkurranserett, forvaltningsrett og EU/EØS-rett. delta aktivt og samarbeide i prosjektgrupper og tverrfaglege team. Bidra til kvalitetssikring og vidareutvikling av juridiske arbeidsmetodar og praksis. skrive Konkurransetilsynet sine varsel og vedtak ha kontakt med sentrale aktørar i norsk næringsliv og rådgivarane deira, andre offentlege myndigheiter, utanlandske konkurransemyndigheiter og internasjonale organisasjonar bidra med innhenting- og kartlegging av faktum (blant anna bidra i bevissikringar, forklaringsopptak, gjennomgang av beslag m.m.) ta del i arbeid med endringar i lov- og forskriftsverk på konkurranseretten sitt område, samt inngje høyringssvar til andre styresmakter sitt regelverksarbeid delta i eksterne aktivitetar, som f.eks. å halde foredrag, og anna representasjon Kvalifikasjonskrav Vi søkjer deg som har følgande bakgrunn: Master i rettsvitskap eller juridisk embetseksamen (cand. jur.) med gode resultat. Internasjonale grader må være godkjent av NOKUT/HK-dir. Minst 5 års solid erfaring frå arbeid med konkurranserett Svært gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk Vi legg vekt på at du er Fagleg trygg med ein strukturert og sjølvstendig arbeidsmåte Effektiv, med svært gode samarbeidsevner Og har: Analytiske evner og ei resultatorientert haldning Svært godt juridisk skjønn God prioriteringsevne og handlekraft Interesse for samfunnsutvikling og konkurransepolitikk Vi kan tilby deg Å bli ein del av vårt inspirerande, faglege og gode arbeidsmiljø. Vi legg vekt på gode lærings- og utviklingsmoglegheiter i arbeidet vårt. Arbeidsoppgåvene blir svært varierte, og du får arbeide med ei rekke spennande og utfordrande konkurransesaker, i team med andre svært dyktige juristar og økonomar. Våre tilsette deltar aktivt på interne og eksterne kurs og konferansar. Vi har også gode ordningar for dei som ynskjer relevant vidareutdanning. Våre moderne og universelt utforma lokale sentralt i Bergen sentrum gir deg ein flott base å arbeide frå. Vi er opptekne av ein god balanse mellom jobb og fritid, og hos oss får du fleksibel arbeidstid, moglegheit for heimekontor og trening i arbeidstida. Sykkelparkering og flotte garderobefasilitetar er også på plass. Vi har god pensjonsordning hos Statens Pensjonskasse, gode velferdsordningar, kantine og eige bedriftsidrettslag. Stillinga blir lønna ut frå kvalifikasjonar og I samsvar med det statlege lønnsregulativ som seniorrådgjevar (st. kode 1364) i lønnsspennet kr. 850 000 – 1 000 000. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast. Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan gjerast offentleg sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25. Dersom ein søkjar ynskjer å reservera

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free